Minister frå Zambia til SANORD-konferansen

Utdanningsminister Douglas Syakalima frå Zambia kjem til Hamar i september for å ta del i ein internasjonal konferanse.

Konferansen vert arrangert ved Høgskulen i Innlandet og vil samle fleire hundre deltakarar frå ei rekkje land. 

Temaet for konferanse er "Høgare utdanning si rolle i å bidra til ei rettferdig og berekraftig framtid."

– Vi er glade for at ministeren prioriterer å delta i konferansen. Det viser at dette er ein viktig samlingsstad for akademikarar og institusjonar frå nord og sør. Vi ser fram til å vere vertskap for deltakarane når dei kjem til Hamar, seier rektor Peer Jacob Svenkerud ved Høgskolen i Innlandet.

Konferansen vert arrangert kvart år for nettverket Southern African Nordic Centre (SANORD). Nettverket skal fremje akademisk samarbeid mellom regionar i det sørlege Afrika og dei nordiske landa. 

24 nordiske og 32 afrikanske institusjonar er med i nettverket, og i ei rekkje fellesprosjekt innan forsking og utdanning. Tema knytt til berekraftig utvikling står sentralt.

Les meir om SANORD 2023  

Internasjonal konferanse til Hamar
 

Publisert 13. juni 2023 10:00 - Sist endret 14. juni 2023 09:31