English version of this page

Lånereglar

Reglar for utlån ved HINN-biblioteket.

Lånaren godtek automatisk lånereglane ved å nytte lånetenestene.

Kven kan låne? Alle tilsette og studentar ved Høgskolen i Innlandet kan låne i biblioteket. Eksterne brukarar kan låne frå samlingane våre, men får ikkje utvida tenester som til dømes fjernlån.

Ansvar: Lånarar er personleg ansvarlege for materialet dei har lånt.

Kor lenge kan du låne? Ordinær utlånstid er 30 dagar, men deler av samlinga kan ha kortare utlånstid.

Fornye lån: Lån blir fornya automatisk 5 gonger dersom det ikkje er venteliste. Ver merksam på at automatisk fornying ikkje gjeld lån frå andre bibliotek (fjernlån). Desse må fornyast ved innlogging i Oria.

Purring: Biblioteket sender 2 påminningar om forfalte lån før varsel om faktura. Purringar blir sendt per e-post og/eller sms.

Erstatning: Tapt/øydelagt materiale må erstattast. Erstatningssummen er for tida 700 kr. pr. enhet. Ved meir verdifullt materiale kan beløpet bli større. Dersom lånet blir levert, erstatta med eit nytt eksemplar eller betalt, fell kravet bort. Lånarar som ikkje leverer etter motteke "varsel om faktura" mister låneretten. Låneretten får ein tilbake når forholdet er oppgjort.

NB: Er faktura utstedt, må denne betalast uansett om materialet blir levert etterpå.

Sist endra 28. juni 2023 09:33