Korleis få tilgang?
For å få tilgang til meirope bibliotek, må du vere student eller tilsett ved høgskulen. Utanom vanleg opningstid låser du deg inn med PIN-kode og ditt student- eller tilsettkort. Om du forlet biblioteket, må du ha kortet ditt for å kome inn att. Delar av lokalet blir overvaka når betjeninga ikkje er til stades, og tjuveri og hærverk blir politianmeldt.
Opningstider
Trivselsreglar
Biblioteket er ein stad for alle. Derfor har vi laga trivselsreglar som vi oppfordrar alle til å følgje:
- Vis omsyn til medstudentar – ha eit akseptabel støynivå
- Rydd opp etter deg
- Hugs å låne ut bøker/filmar du vil ha med deg heim
- Alkohol og dyr er ikkje tillate
Ofte stilte spørsmål
Kva er mi PIN-kode?
Din PIN-kode finn du på konto.inn.no
Kan eg bruke biblioteket ved ein annan studiestad enn den eg studerer ved?
Med studentkort og PIN-kode har du tilgang til alle biblioteka og skrivarane. Hugs at trivselsreglane gjeld uansett kvar du sit.
Eg har utløyst alarmen
Om du har utløyst alarmportane, har du ikkje registrert boka/bøkene på rett måte. Du bør prøve å registrere dei på nytt på utlånsautomat. Vi sjekker om boka har blitt lånt ut neste dag. Dersom det ikkje er mogleg å få lånt boka, legg bøkene på skranken og kom tilbake i betjent opningstid. Legg gjerne att beskjed om at du ønsker å låne bøkene og har utløyst alarmen.
Eg kom inn før betjeninga stengte, men har gløymt kortet mitt
Du treng kortet ditt for å kome inn i biblioteket igjen dersom du forlet det. Du må også ha kortet ditt for å låne bøker og anna materiale. Du kan framleis bruke PC-ane og sjølvsagt bruke biblioteket som arbeidsplass.
Automaten fungerer ikkje
Om du klarer å registrere kortet ditt, men at maskinen ikkje reagerer på boka, får du dessverre ikkje lånt med deg boka. Kom tilbake i betjent opningstid.
Om automaten ikkje reagerer eller viser ei feilmelding, legg att ei beskjed til oss. Du får dessverre ikkje lånt med deg boka. Du kan i staden kome igjen i betjent opningstid.
Dersom automaten ikkje fungerer når materialet skal leverast, kan du legge det i boksane ved sida av utlånsautomatane.
Korleis kople PC til skrivar?
Boka eg søkte opp, er ikkje på hylla
Dette kan tyde på at boka er feilplassert eller at nokon bruker boka i biblioteket utan at ho er utlånt. Du kan enten reservere boka ved å søke henne opp i Oria (logg inn med vanleg brukarnamn og passord) eller ta kontakt med oss når vi er til stades.
Nødnumre
Skulle uhellet være ute, kan du ringe politi, brannvesen eller ambulanse på følgjande nummer:
Politi: 112, 02800
Brann: 110
Ambulanse: 113
Høgskulens krisenummer: 04315
Kritiske hendelser ved høgskolen skal varsles så raskt som mulig.
Varsling av hendelser