English version of this page
Kristian Lødemel Sandberg

Kristian Lødemel Sandberg

Førsteamanuensis

E-post
kristian.sandberg@inn.no
Telefonnummer
+47 62 59 79 84

Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk
Institutt for nordisk språk og litteratur
Studiested Hamar, Rom 2C257-2

Kort om

Eg er førsteamanuensis i norsk og har litteratur som fagfelt. Eg underviser i norskemne på grunnskolelærarutdanningane og lektorprogrammet, mest om litteraturhistorie, barnelitteratur og litteraturdidaktikk. To sjangrar eg har arbeidd særleg med, er reiselitteratur og essayet, og hausten 2021 hadde eg ansvar for eit fordjupingsemne om reiselitteratur. Med eit visst overlapp med reiselitteratur har eg òg ei interesse for kart, og eg har sett på kartsamlinga til diktaren Rolf Jacobsen i relasjon til lyrikken hans. Andre sjangrar eg har fordjupa meg i, er fiktive biografiar og ulike former for sjølvbiografiske romanar. 

Eg har doktorgrad i nordisk litteratur frå UiO på ei avhandling om Kjartan Fløgstad. Avhandlinga handlar om Fløgstads historiekritikk og oppgjer med ei kapitalistisk skuld. Eg har skrive mykje om forfattarskapen til Aasmund O. Vinje, og eg interesserer meg for litteratur der folkelege og munnlege tradisjonar møter skriftlege sjangerførebilete, som til dømes når element frå folketru eller visdomslitteratur speler med i moderne litteratur. Andre forfattarskap eg arbeider med eller har publisert om, er Ragnvald Skrede, Ingeborg Refling Hagen, Dag Solstad, Georg Johannesen og Demian Vitanza. 

Ein samnemnar for mykje av det eg har forska på, er framstillinga av dei fattige, namnlause og «tause» frå historia. For tida er eg oppteken av framstillinga av dei nasjonale minoritetane, som blir ramma inn som nasjonale og kulturelle «andre», mest skogfinnane og romanifolket, i lærebøker og skjønnlitteratur. Eit meir langsiktig prosjekt som eg er i startgropa på, handlar om «reisande som møter reisande» i reiselitteratur, dvs. korleis privilegerte reisande framstiller møter med det reisande folket (romanifolk) i reiselitteratur frå Noreg. Prosjektet dreier seg om å følgje omstreifarmotivet gjennom historia, med blikk for kva motivet seier om ulike former for reiseverksemd og nasjonale oppfatningar.

Forskingsinteresser:

  • Essay, reiselitteratur, biografiske og sjølvbiografiske sjangrar
  • Motiv, postkoloniale perspektiv, nasjonale minoritetar
  • Lærebokforsking, kanon og lesebokhistorie

Verv, medlemskap m.v.

  • Leiar for Nasjonalt fagorgan for nordiske språk og litteratur (2021–2023)
  • Jurymedlem for Samlagsprisen (2019–2023)
  • HINNs representant i Litteraturscena (2019–2022)
  • Medlem i Det norske språk- og litteraturselskap

Bakgrunn

  • nov. 2018–d.d.: Førsteamanuensis i norsk litteratur ved HINN, avd. Hamar.
  • aug. 2018–nov. 2018: Høgskolelektor i norsk litteratur ved HINN, avd. Hamar.
  • sep. 2017–jul. 2018: Gjennomføringsstipendiat i nordisk litteratur, UiO.
  • aug. 2014–sep. 2017: Doktorgradsstipendiat i nordisk litteratur, UiO.
  • feb. 2014–jun. 2014: Vikariat som norsklærar ved Bjerke vgs., Oslo.

Publikasjoner

  • Frøjd, Ylva & Sandberg, Kristian Lødemel (2023). Litterær eller lærarfagleg analyse? Om skilnader og nytteverdi i litteraturdidaktisk arbeid. Norsklæreren. ISSN 0332-7264. 47(4), s. 41–55.
  • Sandberg, Kristian Lødemel (2023). Arbeidarane som silhuettar. Arbeidarperspektivet i bedriftshistoria Medaljens forside. Agora. ISSN 0800-7136. 40(4), s. 316–335. doi: 10.18261/agora.41.1.13.
  • Sandberg, Kristian Lødemel (2022). Når villhavren spreier seg. Om ugras og armod i Loke saar havre (1922). I Syversen, Eva-Marie & Karlsen, Ole (Red.), Stjerner over granskogbunnen: Om Ingeborg Refling Hagens forfatterskap. Novus Forlag. ISSN 978-82-8390-089-7. s. 39–56.
  • Sandberg, Kristian Lødemel (2021). Ein mann og dressen hans. Karikaturar av Dølen i Vikingen 1862–1870. I Åslund, Arnfinn; Fjågesund, Peter; Hanto, Kristian Ihle; Nordstoga, Sveinung & Staxrud, Johan Magnus (Red.), Tvisyn, innsyn, utsyn : Nærblikk på A.O. Vinje. Scandinavian Academic Press. ISSN 9788230402726. s. 607–634.
  • Sandberg, Kristian Lødemel (2021). Å vera to om å fortelja eit liv. Ein analyse av forhandlinga om ei livshistorie i Demian Vitanzas Dette livet eller det neste. Edda. Nordisk tidsskrift for litteraturforskning. ISSN 0013-0818. 108(3), s. 204–216. doi: 10.18261/issn.1500-1989-2021-03-05. Fulltekst i vitenarkiv

Se alle arbeider i Cristin

  • Sandberg, Kristian Lødemel (2023). «Når visdomssteinen er funnen». Visdomslitteratur som inngang til Skredes lyrikk.
  • Sandberg, Kristian Lødemel (2023). Kartsamling kontra boksamling. Eit materielt perspektiv på Rolf Jacobsens kart.
  • Sandberg, Kristian Lødemel (2023). Poesien i eit kart. Om kartsamlinga til Rolf Jacobsen og krysningspunkt med lyrikken.
  • Sandberg, Kristian Lødemel (2021). Kven and Forest Finn literature in the Norwegian school canon. Any at all? .
  • Sandberg, Kristian Lødemel (2021). Når villhavren spreier seg. Om ugras og armod i Loke saar havre (1922).

Se alle arbeider i Cristin

Adresser

Besøksadresse

Alf Prøysens Hus (Hovedbygg fløy C – nyeste del)
Holsetgata 31, N-2318 Hamar
Rom 2C257-2
Vis i kart

Postadresse

Høgskolen i Innlandet
Postboks 400 Vestad
2418 Elverum