Studentombodet ved HINN

Studentombodet er ei juridisk rettleiingsteneste for studentar.

NB! Studentombodet har ferie i 3 veker frå 8. juli. Ombodet er på jobb frå måndag 29. juli. I ferien vil skriv frå studentane ikkje bli lest eller svara på.

Etter ferien vil ombodet ta fatt på studentsaker i prioritert rekkjefølgje etter hastegrad. Ombodet vil óg prioritere å vere synleg i faddervekene på dei ulike campusane for å auke kjennskap til ombodet. Beklagar ulempa det kan føre med seg

Om studentombodet

Hos studentombodet møter du ein nøytral og uavhengig person, som kan gje råd og bistand i saker om studiesituasjonen din ved høgskulen i Innlandet (HINN).

Studentombodet er ikkje representant verken for høgskulen eller studentane, men skal bidra til at ei sak blir belyst på ein upartisk måte. Formålet er å bidra til at studentanes rettar og pliktar blir forsvarleg og korrekt handtert av høgskulen. Studentombodet kan ikkje instruerast av høgskulen.

Tilbodet er gratis og uforpliktande, og studentombodet har teieplikt. Alle saker blir behandla konfidensielt. Studentombodet har berre innsyn i teiepliktige opplysningar i den grada du sjølv samtykkjer til dette.

Studentombodet er eit lavterskeltilbod. Det er eit mål å løyse sakene på lågast mogleg nivå. Viss studentombodet ikkje kan hjelpe deg, vil du bli vist vidare til riktig instans.

Merk! Studentombodet er tilgjengeleg ca. 70 % av arbeidsdagen. Dette kan føre til lengre svartid, og avgrensa moglegheit til fysisk oppmøte. Førespurnader blir svara på så fort som mogleg.

Stuentombodet kan

  • Yte hjelp til å forstå rettane og pliktane dine som student

  • Prate om bekymringane dine, avklara problem og gje råd om kva moglegheiter du har, og korleis du kan gå fram i saka di (til dømes i saker om eksamen, fusk, utvising, å væra skikka m.m.)

  • Væra ein nøytral, uavhengig person mellom deg som student og HIIN i ein eventuell konflikt, til dømes delta i møte mellom student og HIIN eller mellom student og medstudent/ar

  • Saumfare om HIIN held seg innafor regelverka i behandling av sakene dine og at rettane dine blir varetekne

  • Gje innspel til utkast til søknad eller klage

Studentombodet kan ikkje

  • Fatte vedtak i saker. Studentombodet har inga myndigheit til å fatte avgjerder

  • Ta part i ei sak

  • Opptre som advokat for studenten

  • Opptre som klage- eller ankeinstans for avgjerder og vedtak fatta av andre einingar eller HINN

  • Instruere einingane ved HINN om korleis dei skal arbeide med eller løyse ei sak

  • Skrive søknadar eller klager for studenten

Relevant regelverk

Du har både plikter og rettar knytt til studiane dine som student. Desse er regulerte fleire stader. Studentombodet tilrår å setja seg inn i særregler knytte til HINN.

Fleire lover og forskrifter som gjeld for høgskulen si verksemd finn du her.

Kontaktinformasjon

Portrettbilde av Rosanna Haakestad
Rosanna Haakestad

Rosanna Haakestad er studentombod ved HINN i 50 % stilling. Rosanna er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen.

Om du lurer på noko, men ikkje veit kven du skal kontakte, ikkje nøl med å kontakte studentombodet.

Innhaldsansvarleg: Studentombodet Sist endra 4. juli 2024 09:22