Barnelitteratur i norsk barnehagelærarutdanning

Therese Garshol Syversen har sett nærare på korleis barnelitteratur blir forstått i utdanninga av barnehagelærarar her til lands. 02.10.2023 forsvarar ho doktorgradsarbeidet sitt.

portrettbilde av Therese Garshol Syversen

Therese Garshol Syversen disputerer 2. oktober.

Garshol Syversen er utdanna allmennlærar, men har dei siste åra vore tilknytta ph.d.-programmet Profesjonsrettede lærarutdanningsfag i Hamar.

Forskingsinteressene har særleg vore knytt til barnelitteratur/litteratur, litteraturdidaktikk, utdanningspolitikk, profesjonsforsking og lærarutdanning. 

Avhandlinga hennar rettar fokus mot barnelitteratur og litteraturdidaktiske spørsmål i norsk barnehagelærarutdanning.

– Meir spesifikt handlar avhandlinga om korleis barnelitteratur blir oppfatta, grunngjeven, vurdert, valt og eventuelt valt vekk på ulike nivå, skriv Therese til inn.no. 

Tittelen på avhandlinga er "Barnelitteratur i norsk barnehagelærarutdanning. Ein studie av korleis barnelitteratur blir forstått i styringsdokument, gjennom studentperspektiv og i oppførte pensumlister for utdanninga."

– Eit overordna mål for prosjektet er å bidra til diskusjon om kva for rolle og funksjon barnelitteratur og litteraturundervisning skal ha i lærarutdanning meir generelt, altså kva lærarutdannarar vil og kan oppnå gjennom bruk av litteratur i utdanninga, seier ho vidare.

I tillegg tar avhandlinga sikte på å løfte fram arbeid med litteratur som sentralt i kontekst av barnehage og barnehagelærarutdanning, og å sjå litteraturformidling i lys av større pedagogiske og utdanningsvitskaplege diskusjonar som gjer seg gjeldande både nasjonalt og internasjonalt. 

Hovedfunn i doktorgradsarbeidet

  • Forståingane av barnelitteratur i norsk barnehagelærarutdanning har estetiske og pedagogiske dimensjonar, der eigenverdi, litterære opplevingar, kulturformidling, litterasitet, danning og emosjonell utvikling blir vektlagt. Ein ferdigheitsorientert logikk der berre det oppfatta målbare har betyding, ser i mindre grad ut til å gjere seg gjeldande. 
  • Det er eit breitt barnelitterært repertoar i spel i utdanninga, på same tid som bildeboka verkar å vere særleg viktig for korleis barnelitteratur blir forstått. 
  • Barnelitteratur blir forstått profesjonaliserande hjå studentane, og funna tyder at barnelitteraturen kan fungere kvalifiserande, sosialiserande og subjektiverande i utdanninga.

Her finn du meir informasjon om disputasen til Therese Garshol Syversen 2. oktober 2023.

Kontaktinformasjon:

Førsteamanuensis
E-post
therese.syversen@inn.no
Telefon
+47 62 51 78 94
 

 

Av Ole Martin Ringlund
Publisert 18. sep. 2023 09:08 - Sist endret 23. nov. 2023 14:14