Program for Forskingsdagane 2024

Lars Mytting om alderdom i Hekne-trilogien, debatturné om unges psykiske helse og bruk av sosiale medium, og korleis er det mogleg å game seg tilbake til arbeidslivet? Det er mykje ulikt ein kan oppleva på Forskingsdagane ved Høgskulen i Innlandet i år.

Plakat av logoen til Forskningsdagene i lilla med dato og år

I år blir Forskingsdagane arrangerte i perioden 18. september til 29. september og årets tema er Helse.

I år fyller Forskingsdagane 30 år, og vi markerer jubileet med eit tema som engasjerer alle, nemleg HELSE

Dette temaet gir Høgskulen i Innlandet mange moglegheiter til å vise fram forskinga si, og den griper vi!

Forskingsdagane er ein av Europas store, landsdekkjande forskingsfestivalar. I år går Forskingsdagane av stabelen mellom 18. og 29. september – tolv dagar med litt av kvart av fagleg påfyll viss du vel noko frå årets meny hos oss.

Alle arrangementa er GRATIS å gå på!

Dei gamle i Hekne-bøkene

Lars Mytting i en dør på et gammelt stabbur
Lars Mytting kjem for å gi oss kunnskap om ei side av bøkene sine vi kanskje ikkje høyrer så mykje om. (Foto: Svein Finneide)

I samband med Forskingsdagane 2024 blir det invitert til ein brei oppbygd fagdag om helsa til eldre.

Det heile skjer i Elverum tirsdag 24. september frå klokka 0900 om morgonen.

Fagdagen ser på helsa og aldringa til eldre frå mange ulike synsvinklar: Korleis bu trygt heime, korleis skal vi møta demenssjukdom, korleis er det å vere pårørande, korleis skal vi møta framtidas utfordringar og kan aldring unngåast?

For å snakka om desse temaa har arrangørane fått tak i ei rekkje sentrale namn her til lands.

Blant dei er mellom anna Geir Selbæk, spesialist i geriatri og forskingssjef ved Nasjonalt senter for aldring og helse, og Sverre Berg, ein nestor innan demensforsking i Noreg.

Og ikkje minst har arrangørane fått tak i ein av Noregs mest kjende forfattarar til å delta, nemleg Lars Mytting. Han skal snakka om alderdom og skrøpelighet i bokserien sin, Hekne-triologien.

Arrangørar er Forskningssenter for aldersrelatert funksjonssvikt og sykdom, Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Innlandet, Sykehuset Innlandet og Høgskolen i Innlandet, Fakultet for helse og sosialvitenskap, Institutt for helse og sykepleievitenskap.

Balanse mellom skjerm og sjel

Når er det eit problem, og korleis blir helsa til dei unge påverka av sosiale medium og skjermbruk?

Studentsamskipnaden i Innlandet (SINN) og HINN trommar saman til paneldebatt på fire av studiestadene våre under Forskingsdagane.

Fire røde plakater med tekst ved siden av hverandre

Tema for paneldebatten er studentars psykisk helse sett i lys av den nye avhengnaden (sosiale medium, smarttelefon) i eit folkehelseperspektiv.

Deltakarane i panelet er Lars Lien. Lars er psykiater og professor ved HINN og er også leiar i Norsk Psykiatrisk foreining. Frå SINN stiller psykolog Marius Aase. I tillegg til desse to vil det vera ein student representert i debattpanalet.

Dei skal halda innlegg frå ulike perspektiv, før det blir debatt og spørsmål frå salen.

Turnéplan:

  • Rena: Onsdag 18. september kl. 1800-1930, Kilden kaffebar
  • Elverum: Torsdag 19. september kl. 1230-1400, Fysen, Terningen Arena
  • Hamar: Onsdag 25. september kl. 1800-1930, Kantina høgskulen
  • Lillehammer: Torsdag 26. september kl. 1200-1330, Studenten kaffebar, høgskulen
Jente lyses opp i et mørkt rom av mobilen hun ser på
Korleis påvirkar skjermbruken din livet ditt? Samme kva, kan du ha nytte av å vere til stades på arrangementet "Skjermbruk frå vogge til grav – digitalisering og helse i eit livsløpsperspektiv" i Elverum under Forskingsdagane. (Foto: Colourbox)

Eit anna arrangement som også handlar om korleis skjermbruk påverkar oss, finn stad i Elverum torsdag 26. september. 

Temakvelden har fått tittelen "Skjermbruk frå vogge til grav – digitalisering og helse i eit livsløpsperspektiv" og skjer frå klokka 1700-2100 i auditorium 1 på Terningen arena. 

Dreg du dit får du servert populærvitskaplege presentasjonar, paneldebatt og interaktive stands om noko som bør oppta oss alle! 

Bidragsytarar vil vera personar som er sentrale i mediebiletet og innanfor forsking når det gjeld denne tematikken.

Kjemper om publikums gunst

Ei av storsatsingane på Høgskulen i Innlandet i år er ein gammal kjenning, nemleg Forskarkamp. 

Dette er ein uhøgtideleg formidlingskonkurranse blant doktorgradsstipendiatar hos oss med åtte deltakarar. 

Bilde utover publikum fra bak på en scene på Fabrikken i Lillehammer
Mange tok turen til Forskarkamp i fjor på Fabrikken i Lillehammer, og fekk med seg at Lene Nygaard Solli vant heile konkurransen! (Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskulen i Innlandet)

Publikum får sjå dei ferske forskarane i ein uformell og morosam konkurranse der dei får fire minutt kvar til å presentera forskinga si på ein lettfatteleg og underhaldande måte frå ei scene. 

Publikum og ein fagjury på tre personar stemmer fram Innlandets beste formidlar blant stipendiatane.

Forskarkamp kan du få med deg på Fabrikken i Lillehammer torsdag 26. september frå klokka 1900 til 2100.

Gamer seg attende til arbeidslivet

Kva slags kompetanse og ferdigheiter får du frå gaming som kan hjelpa deg inn i ein jobb? Ungt utanforskap i arbeid er ei stor samfunnsutfordring og eit viktig politisk satsingsområde.

I snart eit år har høgskulen hatt eit stort forskingsprosjekt gåande i samarbeid med NAV, Mjøsanker (Den største arbeidsinkluderingsbedrifta i Innlandet) og Hamar E-sportklubb.

Bilde av gutt som gamer tatt bakfra og over skuldra hans mot skjermen
Kva kan du bruke gaming til når du skal tilbake til arbeidslivet? Det får du vite meir om dersom du tek turen til Hamar E-sportklubb sine lokalar. (Foto: Colourbox)

Resultata frå denne forskinga blir presentert under Forskingsdagane på eit arrangement i Hamar E-sportklubb sin lokalar i Hamar sentrum torsdag 26. september frå klokka 1200-1500. 

Her får du ein paneldebatt om temaet, du kan får testa ut ein jobbintervjusimulator som høgskulen har utvikla til bruk i prosjektet og du får sjølsagt prøve Hamar E-sportklubb sine spill!

Forskingsprosjektet handlar om unge gamarar utanfor arbeidslivet. Målet er få unge menneske mellom 18 og 30 år ut i jobb eller studiar via gaming - rett og slett gaming som kompetansefremjande arena i møte med eit moderne arbeidsliv!

Bra å bu på bygda?

Kva skal til for å gjera Innlandets minste kommune til den beste å leva i? Planleggings-professorar inviterer til diskusjon om dette i Etnedal!

Helse, skule, infrastruktur, befolkningsutvikling - kva bør samfunnsdelen i kommuneplanen leggja vekt på? Kanskje du har ein sprek idé til å gjera Innlandets minste kommune endå betre?

Først presenterer planleggings-professorar Ulla Higdem og Kjell Overvåg tal om Etnedal. Så tek dei publikummet  med inn i eit mini-bygdelab, som er ein smakebit på ein metode som blir testa ulike plassar i Europa, og har som mål å hjelpa kommuneplanleggjarar i småkommunar med realistisk planlegging.

Bilde av en snakkeboble på et ark holdt av en hånd
Korleis finne fram til det gode livet i ein liten kommune? (Foto: Windy Moe/Høgskulen i Innlandet)

Utgangspunktet i arbeidet er at befolkningsvekst ikkje er ein føresetnad for utvikling.

I tillegg tek forskarane høgd for at ALLE kan bidra til å gjera ein plass til ein bra stad å leva.

Arrangementet er derfor for ALLE som bur i Etnedal, ønskjer å bu i Etnedal, har hytte i Etnedal, er nabo til Etnedal, bruker arbeidstid eller fritid i Etnedal - og alle andre som er nysgjerrige!

Vettug viten om mangt og mykje

Har du ein halvtime til å læra noko nytt? Vi køyrer fleire Vettug viten-arrangement under Forskingsdagane i år.

Som vanleg på Vettug Viten inviterer vi forskarar på scena til å fortelja om noko dei kan noko om og brenn for, under logoen «Vettug viten» - det heile må gjerast på ein halv time!

På biblioteket i Lillehammer inviterer vi som vanleg til frukostmøte, frå 0830-0900 om morgonen. Kanskje du rekk innom på veg til jobb eller skule? Gratis kaffe!

Saman med biblioteket i Hamar har vi som pleier lagt arrangementa til lunsjtida i Hamar kulturhus, frå 1130-1200. Eit lite avbrekk i skule- eller jobbkvardagen!  

Det same gjer vi i Elverum der arrangementet skjer i Elverum kulturhus mellom klokka 1100 og 1130.

Desse kan du høyre og sjå:

Og ikkje nok med det!

I tillegg til arrangementa nemnt over her, så kan du under Forskingsdagane få med deg dette: (lenkje til arrangementet på kvar post under her)

  • Helse eller frelse? Oppdag kokebøker, salmebøker, sitronterter og syngjande hushjelper. Bli med på sanseleg historie på Åker gard i Hamar der det blir matkultur på 1700-talet i samspel med førestillingane om helse den gongen. Tid: Onsdag 25. september kl. 1900-2100, Åker gard, Hamar.
  • Er det ein samanheng mellom livsstilen vår og den psykiske helsa? Traumeforskingsgruppa ved Høgskulen i Innlandet og Friskstiftelsen inviterar til seminar der dei presenterar forsking som viser at regelmessig fysisk aktivitet og eit balansert kosthald kan bidra til å førebyggja ei rekkje psykiske lidingar, inkludert depresjon og angst. Tid: Mandag 23. september klokka 1330-1500, Terningen Arena Elverum.
  • Researchers' Night Kongsvinger: Kunnskapskveld i den nye Scienceparken på vår desentraliserte studiestad i Kongsvinger. Ope hus og byen på besøk fredag 27. september kl. 1700-2030. I år vil mellom anna heile Noregs «Helsesista», Tale Marie Krohn Engvik, kome for å halde eit foredrag til dei unge klokka 20.00! 
  • Kunst, livet og helse: Forskingsgruppa Quest arrangerer open dag der du får vita meir om kva kunst har å seie for eit meiningsfullt livsløp i eit helseperspektiv. Programmet vil i si heilheit sette søkelys på samanhengar mellom kunst og helse og det å ha eit meiningsfullt, godt og rikt liv. Skjer på Hamar teater, onsdag 25. september kl. 1000-2200.  
Et par gamle hender som holder et par unge hender
Korleis skal vi ta vare på dei eldre i framtida? Kan samskaping vere svaret? (Foto: Colourbox)
  • Skal samskaping løysa velferdskrisa? Tema for eit kortseminar på Lillehammer bibliotek & Litteraturhus er samskaping i norsk velferdspolitikk. Ideen om samskaping blir frå styresmaktenes side i aukande grad lansert som løysinga på utfordringar knytte til organisering og styring av offentlege tenester. Er det det? Tid: Fredag 20. september, kl. 0830-0930
  • Det speler faktisk ei rolle! Korleis kan erfaringar med rollespel i utdanninga av dokumentarfilmregissørar læra oss noko om folkehelse? Arrangementet finn stad på Fabrikken i Løkkegata 9 i Lillehammer, torsdag 19. september kl. 1900-2100.
  • Barnevernkonferansen 2024: Det blir invitert til sluttkonferanse for eit forskingsprosjekt knytt til kvalitet, legitimitet og grunngivingar i barnevernsarbeid, eit prosjekt som vart etablert i 2017. Konferansen er gratis og retta mot tilsette i praksisfeltet, studentar og forskarar. Stad: Høgskulen i Innlandet, Lillehammer. Tid: Onsdag 25. september kl. 1000-1400.

Velkommen til Forskingsdagane og eit program som bør innehalda noko for mange!

Logo Forskingsdagane

 

 

 

Emneord: Forskningsdagene 2024 Av Ole Martin Ringlund
Publisert 30. aug. 2024 08:46 - Sist endret 30. aug. 2024 09:57