Kunst og livsløp i eit helseperspektiv

Forskingsgruppa QUEST vil på dette opne arrangementet presentere eit mangfold av si forsking og utforsking innan musikk, drama og kunst og handverk, sett i lys av årets tema Helse.  

Bilde av en rekke med barn med masse papirbiter i lufta og på gulvet og fingermalinger på veggen
Foto: Espen Kristiansen/Høgskolen i Innlandet

Quest vil vise dei som kjem kva kunst har å seie for eit meiningsfullt livsløp i et helseperspektiv, og vise at kunst er ein mogleg måte å undersøke eit tema innan helse på.

QUEST er Høgskulen i Innlandet si forskingsgruppe for kunstnerisk utviklingsarbeid og estetiske læreprosessar. Medlemmene har det til felles at dei forsker i, med og på kunst gjennom sine utøvande og skapande kunstnarskap.

Programmet vil i si heilheit sette søkelys på samanhengar mellom kunst og helse og det å ha eit meiningsfullt, godt og rikt liv.

Vi vil gjennom utstillingar, samtaler, konsertar, performance´ar og verkstader presentere kva kunstnarleg utviklingsarbeid er og kan være, og korleis det kan bidra inn i det regionale, nasjonale og internasjonale samfunnet. 

QUEST spør:  

  • Kva er det som gjer at så mange kunstnarar er aktivt skapande gjennom heile livet?  
  • Kva har leik og kunst å seie for eit godt liv?  
  • Kan kunsten tilby ei alternativ rikdom i livet, som kan vere tilgjengeleg for alle, og ikkje berre for dei få?  
  • Korleis kan kunsten argumentere for sin eigen posisjon i samfunnet?  
  • Er kunst berre glasur på kaka, eller kan den vere del av samfunnet si beredskap? 

Foreløpig program: 

  • Kl. 1000-1300: Performative verkstader med inviterte barnehagebarn, elevar, studentar og eldre, ledet av Quest-kunstnarforskarar (berre for inviterte grupper) 
  • Kl. 1400-2200: Åpen utstilling med installasjonar, to- og tredimensjonale verk 
  • Fra kl. 16.30: Åpen bar og mulighet for å kjøpe middag (suppe) 
  • Kl. 17.00: Story Sharing Cafe ved forteljar og dramapedagog Linn-Terese Bern og forteljar Ann Elin Lium 
  • Frå kl. 1800-2200: Samtaler, konserter og performance´ar i teaterets salongar ved Quest  og inviterte gjestekunstnarar  

Kontaktinformasjon

Bilde av Njål Ølnes
Professor
E-post
njal.olnes@inn.no
Telefon
+47 62 51 77 95

QUEST består av:  

Njål Ølnes (musikar), Mats Skjævesland Vium (biletkunstnar), Guro Gjerstadberget (scenekunstnar og musikar), Anne-Brit Soma Reienes (biletkunstnar), Trine Kampmann-Jensen (biletkunstnar), Thomas Caplin (dirigent og musikar), Mathieu Lacroix (komponist, musikar og lydkunstnar), Anna Gunnarsson Jota (musikar), Linn-Terese Bern (forteljar og teatervitar), Iselin Dagsdotter Sæterdal (stipendiat), Wendy Lathrop Meyer (emerita dramapedagog), Eirik Askerøi (musikar), Hilde Synnøve Johansen Blix (musikar), Friederike Merkelbach (musikar), Hedda Fredly (dramapedagog og kritikar), Dorthe Gunhildsdatter Hagen (dramapedagog). 

Gjestekunstnarar er blant andre: 

Maren Myrvold (musikar), Bjørn Sverre Christensen (emeritus ved HiNN, komponist og musikar), Bengt Carling (multikunstnar med Förgängelighetens skjönhet som livsprosjekt), Per Jørgensen (musikar og performativ kunstnar), Ann Elin Lium (forteljar) og Inga Live og Anders Kippersund (skodespelarar). 

Praktisk informasjon:

Tid: Onsdag 25.september  

Sted: Hamar Teater 

Hamar teater ligg sentralt i Hamar, og har ein hundre år gamal tradisjon som møteplass, både som rettsarena og som teater og kino. Dei flotte salongane ligg på rekke og rad og kan opnast til eit stort rom eller lukkast til spesielle visingsrom.

Programmet er støtta av Hamar kommune.

Logo Forskningsdagene

Emneord: Forskningsdagene 2024
Publisert 22. aug. 2024 15:35 - Sist endret 27. aug. 2024 11:31