Skreiv årets mest framifrå artikkel

Tidsskriftet Journal of Agricultural and Applied Economics (JAAE) meiner ein artikkel HINN-professor Gudbrand Lien skreiv i fjor er den mest framifrå dei hadde på trykk i 2023.

Builde av Gudbrand mot et stort bilde av en åker og en svart lampe ute til høyre

Gudbrand Lien er ein produktiv forskar, og no har han fått ei fin utmerking.

Foto: Ole Martin Ringlund/HINN

På kvelden fredag 12. januar fekk Gudbrand Lien ein svært hyggjeleg e-post. I den stod det:

«We are emailing you to let you know that the JAAE Editorial Council has selected your article, “Production Function and Farmers' Risk Aversion: A Certainty Equivalent-adjusted Production Function” as the 2023 JAAE Outstanding Journal Article of the Year. Congratulations!» 

– Dette er jo gjevt. Det viser at det du skriv er relevant, og har bra kvalitet, seier ein audmjuk «prisvinnar».

Får igjen det du puttar inn 

Journal of Agricultural and Applied Economics blir gitt ut av Cambridge University Press. Det er eit nettbasert tidsskrift som har vorte gitt ut sida 2015.

Artikkelen som Gudbrand Lien fekk utmerkinga for har altså tittelen «Production Function and Farmers' Risk Aversion: A Certainty Equivalent-adjusted Production Function».

– Kva handlar artikkelen om?

– Viss du driv ein produksjon er det ein samanheng mellom såkalla innsatsfaktorar, det du set inn for å produsera noko, og det du produserer eller får ut i enden, forklarer Lien. 

Innsatsfaktorar kan til dømes vera ein traktor og arbeidskraft for å produsera korn, eller pengar og arbeid for å laga ein bil. 

– Denne artikkelen er om det, men tek også med ein faktor til. Vi har sett på kva som skjer med det du produserer når du tek omsyn til at dei som tek avgjerdene i denne prosessen er usikre, seier Gudbrand Lien, og held fram:

– Når du gjer avgjerder under uvisse, ønskjer du å sikra deg. Det vil seia at dersom du forventar å få ut så så mykje i enden, reduserer du typisk det «i enden» lite grann. Korleis denne justeringa for uvisse kan gjerast når ein klargjer samanhengen mellom innsatsfaktorar og det ein produserer, er det nye vi har funne ut i denne studien. 

Gir positive ringverknader 

Målet med tidsskriftet Journal of Agricultural and Applied Economics (JAAE) er å publisere forskingsarbeid knytt til forsking, formidling og undervisning innan landbruks- og nytta økonomi.

Målet er at det dei publiserer skal bety noko både nasjonalt og internasjonalt. 

Men kva betyr ein slik pris for ein forskar som Gudbrand Lien? 

– Ein ting er at fleire vil lesa artikkelen din, men skriv du gode artiklar som blir lagde merke til blir du også oftare kontakta av andre forskarar som vil samarbeide. Eg blir stadig vekk bede om å vera medforfattar. Så dette har ringverknadseffektar, heilt klart, seier HINN-professoren. 

Det fører rett og slett til meir anerkjenning der ute.

– Eg har merka dei siste åra at eg blir meir og meir trekt inn i forskingsprosjekt rundt omkring, fortel han. 

Skryter av forskarmiljøet på høgskulen

Gudbrand Lien produserer mykje i løpet av eit år. Det gjer også kollegaene hans på instituttet, og ikkje minst i forskargruppa «Business Analytics».

Ei gruppe Lien skryter av, og som betyr noko for dei som jobbar der.

– Me er ein gjeng som ønskjer å gjere relevant og bra forsking. Vi prøver å få til ein forskingskultur som har ein drive og som er frampå. Eg har mange diskusjonspartnarar på jobben som er relevant for artiklane eg skriv, seier Lien. 

Målet for forskargjengen er klart – dei ønskjer å bli eit anerkjent forskarmiljø.

Og at det blir lagt merke til «på gangen» når ein kollega gjer det godt, er tydeleg. Det tok ikkje lang tid etter at Gudbrand fortalde i ein e-post kva som hadde skjedd, før hyllestmeldingane rann inn:

«Dette er "outstanding"! Intet mindre». 

«Dette er en enorm prestasjon og gjør meg stolt av å være kollegaen din!»

Kontaktinformasjon:

Error: https://www.inn.no/finn-en-ansatt/gudbrand-lien.html?vrtx=vcf does not exist

 

Emneord: forsking Av Ole Martin Ringlund
Publisert 17. jan. 2024 08:53 - Sist endret 19. jan. 2024 10:43