Countryens klassereise i Noreg

Damene har hatt ei viktig rolle i å gjera countrysjangeren «stuerein» her til lands. Det viser ny forsking på den norske countryhistorien.

Bilde av Claudia Scott på en scene under konsert

Claudia Scott har spelt ei viktig rolle i utviklinga av countryen i Noreg. Her frå ein jubileumskonsert på Rockefeller i 2017. Med seg på scena har ho musikarane Olav Torgeir Kopsland og Jørun Bøgeberg.

Foto: Annette Larsen

Dei har dykka ned i ein tidvis uglesett sjanger, dei to forskarane Stian Vestby på Høgskolen i Innlandet og Kristin Solli på Oslomet.

I den rykande ferske forskingsartikkelen «Frå cowboy til nordicana: 70 år med countrymusikk i Noreg» har dei to sett på vesentlege trekk ved den historiske utviklinga, skiftande statusen og eigenarten til countrymusikken i Noreg.

– Medan country lenge har vore populært på grasrota og i det breie laget av folket, har appellen til sjangeren gradvis vorte utvida til nye lyttarsegment og andre klassesjikt, fortel Stian Vestby.

Mykje av æra for det skal altså dei kvinnelege artistane som har prega sjangeren ha.

Frå Det ville vesten til den hippe kretsen

Etter krigen handla mykje av det vi i dag kallar countrymusikk om eksotiske figurar frå Det ville vesten og syngjande cowboyar.

Arne Bendiksen regjerte med sin karakteristiske twang-vokal og song om Davy Crockett på bergensk. Bendiksen bidrog sterkt til å etablere cowboy som ei populær musikkform blant det norske publikummet, skriv forfattarane.

Country fanst ikkje som allment kjent omgrep om ein type musikk i Noreg før på slutten av 60-talet. Det var på 70-talet og utover at dette kom for fullt. 

Nokre namn som peikar seg ut her er Teddy Nelson, Johannes Kleppevik og Bjøro Håland. Tre karar som er med på å setja norsk country på kartet.

Bilde av Stian Vestby ute i en allé av trær
Stian Vestby jobbar på Høgskolen i Innlandet og har sett nærare på utviklinga av countrysjangeren i Noreg.
(Foto: Ole Martin Ringlund/HINN)

I dei neste tiåra går country frå å vera synonymt med cowboyar på prærien til å like gjerne handla om livet i norske bygder og til sjøs. Norske musikarar byrja å fortolka musikkforma som ein eigen sjanger. 

Det oppstår eit mangfald av musikalske retningar frå festcountry, til Bjøro Hålands mjuke tonar og til meir rocke- og folkinspirert roots, bluegrass og countryrock.

Etter tusenårsskiftet og framover skjer det endå meir med countryen.

– Sjangeren auka legitimiteten sin og status i takt med utviklinga av stadig fleire uttrykksformer og retningar, og utvida appellen sin til nye lyttarar, fortel Stian Vestby.

I seinare tid har det vore snakka mykje om nordicana, ei musikkform som hentar inspirasjon frå mellom anna country. I spissen for denne hippe musikkscena stod artistar som Malin Pettersen, Darling West, The Northern Belle og Signe Marie Rustad.

– Dei første på nordicana-scenen var i overveldande grad kvinnelege artistar som leverte musikk på øvste hylle. Dei våga å eksperimentera og vera innovative, men med ordentleg respekt for country som sjanger, for handverket og for formidlarane opp gjennom åra, seier Vestby. 

Bidle av Kristin Solli på scena med gitar og mikrofon
Kristin Solli jobbar på OsloMet og har skrive artikkelen om den norske countryhistoria saman med Stian Vestby.
(Foto: Hans Petter Wille)

Blir tilpassa og forfina

Vestby og Solli har funne to parallelle hovudtendensar som pregar utviklinga dei siste 70 åra. 

Den eine tendensen kallar dei musikalsk gentrifisering.

– Gentrifisering handlar om at ei musikkform får større aksept blant den utdanna middelklassen og kultureliten, og dermed får høgare kulturell status, forklarer Vestby. 

Dei utdanna, ressurssterke og hippe byrjar å interessera seg for lågkulturen til dei mindre privilegerte klassane. 

– Country er eigentleg eit ganske godt døme sidan han har eit solid rotfeste i arbeidarklassen, seier førsteamanuensen på Høgskolen i Innlandet.

Gentrifiseringsprosessane har spelt ei sentral rolle i framveksten og legitimeringa av sjangeren. 

Den andre hovudtendensen dei ser er at sjangeren blir gjenstand for såkalla glokalisering.

Det betyr rett og slett at det globale møter det lokale, at musikk går frå å vera ei importvare til å tilpassa seg lokale forhold og tradisjonar, og at ho utviklar eigne særprega uttrykk. 

– Her får du hardingfele og pedalsteel i skjønn foreining som viser at også country er ein internasjonal sjanger, og ikkje berre eit fenomen isolert til USA og det erkeamerikanske, seier Stian Vestby.

– Musikalsk gentrifisering og glokalisering er to teoretiske konsept me bruker som forskarar for å forklara nokre djupe strukturar i utviklinga av country i Noreg, forklarer Vestby. 

Damene lagar veg i vellinga

Portrettbilde av Malin Pettersen
Malin Pettersen er ein av fleire kvinnelege artistar som pregar couyntrysjangaren i dag og som har nådd mange med musikken sin. (Foto: Jonathan Vivaas Kise) 

Det er mange som kan dela på «skulda» for at vi har fått dei to utviklingstrekka forskarane dreg opp i oversikta si over countryhistorien. 

Mykje av «skulda» har likevel damene. Og ei som blir trekt fram som sentral her er Claudia Scott.

– Ho har vore veldig viktig. Trioen ho spelte i med Casino Steel og Ottar «Big Hand» Johansen var del av det nye elitelaget av countrymusikere, og dei gjorde country framført av norske utøvarar kjempepopulært, fortel Vestby.

Som i mange andre sjangrar har det lenge vore stor mannsdominans i country.

Damene har vorte utsette for fordommar og nedsetjande kommentarar. Gjerne frå mannlege musikarar, teknikarar eller frå fans som rynkar på nasen og meiner dei ikkje har noko å fara med.

– Når ei dame heng på seg ein Fender Telecaster, er det med oddsa mot seg. Men dei har stått i det og vist at dei har mykje å fara med. Damene er med på å driva sjangeren i nye og meir innovative retningar, seier ein engasjert countryforskar.

– Innsatsen som nokon av desse pionerne legg ned banar veg for dei som pregar bransjen i dag.

Og då treng me ikkje leita lenge.

Ida Jenshus er eitt døme. Ho vart historisk då ho fekk Spellemannpris for dei tre første albuma sine! Ingen har klart det bortsett frå DumDum Boys. 

– Ida Jenshus representerte ein ung, kvinneleg utøvar og låtskrivar som med sofistikert låtskriving og ei blanding av country, folk, pop, rock og jazz hausta anerkjenning frå dedikerte musikkelskarar, den generelle befolkninga og frå eliten, skriv forskarane i historikken sin. 

Så har dei komme som perler på ei snor. Malin Pettersen, Embla and the Karidotters, Signe Marie Rustad, Silver Lining osb. osb. Artistar som treffer nye generasjonar, samfunnslag og nisjar.

– Dei kvinnelege artistane tek affære, jobbar på og bevis igjen og igjen at jentene er vel så dyktige som gutane, og har mykje å bidra med i sjangeren. Det er klart dei har vore kjempeviktige for utviklinga opp gjennom åra, avsluttar Stian Vestby.

Kontaktinformasjon:

Bilde av Stian Vestby
Førsteamanuensis
E-post
stian.vestby@inn.no
Telefon
+47 62 51 72 22


 

Av Ole Martin Ringlund
Publisert 20. nov. 2023 08:18 - Sist endret 20. nov. 2023 08:55