Klimaendringar får konsekvensar for tryggleiken til fjells

Forskarar skal studere korleis klimaendringane endrar risikoen for snøskred og andre farlege hendingar i høgfjellet.

Person på ski i en bratt fjellside med strålende sol.

Faren for snøskred i fjellet kan auka som følgje av klimaendringane. No skal det undersøkjast kva fjellnæringa og redningsberedskapen kan gjere for å tilpassa seg dette (foto: Colourbox). 

Det nærmar seg påske og høgsesong for ferdsel i fjellområda våre. Trafikken i høgfjellet er aukande – sommar som vinter. Og fjellturisme er ei viktig næring i delar av landet. 

Men fjellområda er under endring. Dei er spesielt utsette for konsekvensane av klimaendringane: Høgare temperaturar og endra nedbørsmønster kan føre til endringar i landskapet og auka skredfare som følgje av tap av permafrost, smelting av brear og snøfonner og redusert stabilitet i bratte fjellsider.

Det kan få konsekvensar for tryggleiken til fjells og dermed for fjellturismen – både turistnæringa sjølv, styresmakter og den regionale redningsberedskapen.

Tverrvitskapleg prosjekt

Eit forskingsprosjektet som startar no i vinter under leiing kalla "Landskapsendringar og naturfare ved tap av permafrost, brear og snøfenner. Utfordringar for fjellturisme og fjellredning i Jotunheimen" skal kartleggje utfordringar, utvikle scenario og føreslå strategiar og tiltak for korleis fjellturismen kan stå i mot og tilpasse seg.

– Viktige spørsmål er kva risiko folk til fjells vil møte i framtida og kva endringar i fjellturismesystemet som er naudsynt i eit klima i endring, seier Bjørn Tallak Bakken, førsteamanuensis ved Høgskolen i Innlandet (HINN) og ekspert på beredskap, krisehandtering og samfunnssikkerheit.

Prosjektet er tverrvitskapleg og kombinerer naturvitskap, samfunnsfag og brukarinvolvering. HINN er prosjektansvarleg, medan Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning i Lom skal leie prosjektet. Andre partnerar er Meteorologisk institutt, Institutt for geofag ved Universitetet i Oslo, Vestlandsforsking, Klimapark 2469, Universitetet i Stavanger og Lom kommune.

Gruppa som skal undersøkje klimaendringar i Jotunheimen
Gruppa som skal undersøkja klimaendringar i Jotunheimen er er breitt samansett av folk frå fleire ulike sektorar (foto: Høgskolen i Innlandet).

Overførbar kunnskap 

Jotunheimen er vald som studieområde sidan klimaendringane blir fort synlege her. Dette er eit avgrensa geografisk område med store høgdeskilnadar frå dalbotnen til tindane. Her finst og lange tidsseriar med målingar og observasjonar av både klima, geologi, vêr og vandring.

Men kunnskapen skal også vere overførbar til andre fjellregionar.

– Vi skal bidra med kunnskap som skal være direkte relevant for fjellturismen. Korleis dei kan legge til rette for ferdsel og gjere tiltak som førebyggjer og reduserer skade, seier prosjektleiar Albert Lunde ved Norsk fjellsenter i Lom og førsteamanuensis i risikostyring og samfunnssikkerheit ved Universitetet i Stavanger.

Det treårige prosjektet skal i fyrste omgang etablere fakta om lokale forhold, som i å oppdatere permafrostkart, utvikle klimascenario og identifisere særskilte fareområde for ulike typar skred i populære ferdselsområde.

Deretter skal dei studere sårbarheit og eksponering for klimarelaterte naturfarehendingar i fjellturismen i Jotunheimen, og vurdere evne og kapasitet hjå turistaktørar og turistar til å handtera naturfare.

Dette skal leie fram til ein strategi for handtering av klimarisiko, med tiltak tilpassa den einskilde aktør for å skape trygg ferdsel i eit landskap i endring.

Kontakt: 

Førsteamanuensis
E-post
bjorn.bakken@inn.no
Telefon
+47 62 43 05 12

 

 

 

Av Erlend Moe
Publisert 26. mars 2023 10:16 - Sist endret 26. mars 2023 10:34