Testar nye tilbod til studentar

Fleire og fleire søkjar hjelp for psykiske problem, fleire enn behandlingsapparatet har kapasitet til. Ved Høgskolen i Innlandet testar forskarar no nye lågterskeltilbod på studentar som treng hjelp til å få det betre i kvardagen. 

Portrett hvor dei to forskerane ser i kamera

Stipendiat Tina Engan og forskar Kjell Tore Hovik og skal arbeide med prosjektet (foto: Høgskolen i Innlandet)

Psykiske lidingar blir rekna som ein av vår tids største folkehelseutfordringar, med store konsekvensar for samfunn og individ. 

Men det er eit gap mellom behovet for behandling og ressursane som er tilgjengelege: Anslagsvis får tre av fire personar med depresjon inga behandling.

 – Det er ein eksplosjon i behovet, særleg blant dei yngre, og det er stor mangel på psykologar og psykiatrar. Derfor må vi tenkja annleis om dette framover, seier Kjell Tore Hovik, nevropsykolog og forskar ved Institutt for psykologi ved Høgskolen i Innlandet. 

For fleirtalet av dei som får psykiske lidingar oppstår problema for første gong i ungdoms- og studietida.

Skal bruke studentar i forskinga

I eit forskingsprosjekt på Høgskolen i Innlandet blir nye behandlingstilnærmingar testa på grupper av studentar. To pilotstudiar er allereie gjennomførte og fleire studentgrupper startar opp på Lillehammer, Hamar og Elverum våren og hausten 2024, i samarbeid med Studentsamskipnaden i Innlandet. 

Formålet er å undersøkja korleis dei med lettare og moderate psykiske utfordringar kan få eit tilgjengeleg lågterskeltilbod. Det er snakk om tidlege tiltak for å unngå forverring på sikt.

Modellen forskarane legg til grunn, og som dei ønskjer å vidareutvikla og tilpassa studentar, blir kalla «femstegmodellen». Den inneber at deltakarane jobbar med ei utfordring dei har gjennom fem stadium i små grupper saman med to terapeutar

 – Deltakarane skal få innsikt i eigen situasjon, få ei forståing av negative stressresponser og læra å ta vare på seg sjølv ved å ta små steg til betring i kvardagen. Vi bruker etablerte teknikkar, men ein av innovasjonane består i å utvikle eit unikt prosess-system, seier Hovik.

Modellen kan seinare tilpassast andre grupper som ikkje har eit terapeutisk tilbod lett tilgjengeleg i deira nærsamfunn – anten det er ungdomsskuleelevar, eldre, idrettsutøvarar eller andre grupper.

Må tenke nytt 

Eit viktig mål er at metoden skal kunna brukast også av dei som ikkje har profesjonsutdanning innan psykologi, slik at vi blir betre rusta som samfunn til å handtera den enorme auken i psykiske helseplager i vår tid.

Portrett Sønderskov
Mette Sønderskov, postdoktor ved Høgskolen i Innlandet (foto: Lars Bjarne Mythen/HINN) 

– Vi utviklar eit terapeutisk verktøy som også fleire grupper helsefagarbeidarar kan bruka. Eg trur det er nødvendig i framtida med slike lågterskeltilbod, når fleire treng hjelp og vi har for få psykologar og psykiatrar til å hjelpa dei, seier Mette Sønderskov, postdoktor i offentleg innovasjon ved Institutt for organisasjon, leiing og styring.

Stipendiat Tina Engan skal jobba med prosjektet som del av doktorgradsavhandlinga si innan ph.d.-utdanninga "Innovasjon i tjenesteyting i offentlig og privat sektor", saman med rettleiarane Hovik, Sønderskov og psykologspesialist og forskar Karin Boson.

Studentsamskipnaden i Innlandet har ansvaret for å rekruttera grupper med studentar. Dei seier studentane som har vore med på pilotprosjektet har vore fornøgde: 

– Det ingen tvil om at det er eit kjempebehov for lågterskeltilbod innan psykisk helse. Det er ikkje nødvendigvis slik at alle som er litt deprimerte må til psykolog. Her lærer du deg å jobba med eigne problem, og det er bra, seier Marius Aase, psykolog i SINN.

Kontakt: 

Bilde av Kjell Tore Hovik
Førsteamanuensis
E-post
kjell.hovik@inn.no
Telefon
+47 62 43 05 30
Emneord: psykologi, studenter, forskningsformidling, forskning Av Erlend Moe
Publisert 10. jan. 2024 17:02 - Sist endret 9. feb. 2024 11:51