Skal samarbeide med Politihøgskulen

Ei ny avtale opnar for samarbeid innan både utdanning og forsking mellom Politihøgskulen og Høgskulen i Innlandet (HINN).

Rektor og politi tar hverandre i hånda i forbindelse med underskriving av avtale om samarbeid

HANDTRYKK: Avtalen vart signert fredag 3. mars av rektor Peer Jacob Svenkerud ved Høgskulen i Innlandet og assisterende rektor Kjell Erik Mortensen ved Politihøgskulen.

Foto: Ole-André Lagmandokk/HINN

Dei to høgskulane har samarbeidd gjennom ei årrekke, men med den nye avtalen vert samarbeidet formalisert.

Avtalen er overordna og vil bli utdjupa med eigne avtaler for konkrete samarbeidsprosjekt.

Fleire relevante fagområde

– Vi arbeider innan mange fagområde som er relevante for Politihøgskulen. Difor er auka samarbeid verdifullt for begge partar, seier rektor Peer Jacob Svenkerud ved Høgskulen i Innlandet. 

Han viser til at HINN har eit breitt fagmiljø knytt til krise, beredskap og samfunnstryggleik.

Han peiker også på fagområde som akuttmedisin, idrettsvitskap, organisasjon- og leiing, psykologi, filosofi, internasjonalt relasjonar og rettsvitskap som aktuelle for samarbeid.

– Gjennom åra har samarbeid med Politihøgskulen resultert i leiarutdanning  og fleksible studietilbod for politiet, og vi har enkelte medarbeidarar som har veksla mellom dei to institusjonane. Vi har tru på at avtalen skal styrke samarbeidet om utdanning framover, seier Svenkerud.

Det er óg eit mål å utvikle konkrete samarbeidsprosjekt innan forsking og utvikling (FoU).

Bilde av folk rundt et møtebord
VIKTIG: Fleire av fagmiljøa på høgskulen, som blir sentrale i samarbeidet framover, var til stades da HINN og Politihøgskulen skreiv under avtalen fredag. (Foto: Ole-André Lagmandokk/HINN)

Prioriterer samfunnstryggleik

HINN-rektoren viser til at totalforsvar og samfunnstryggleik er eit område som vert stadig meir aktuelt.

Dette er eit prioritert område når HINN inngår strategiske samarbeid. 

– Avtalen med Politihøgskulen er ein del av satsinga vår på samfunnstryggleik og kjem i tillegg til allereie etablerte samarbeid med mellom anna Forsvaret, seier Peer Jacob Svenkerud. 

Frå før har HINN avtaler med Forsvaret om mellom anna tilrettelagt sivil utdanning for forsvarstilsette, generelt samarbeid mellom HINN og Hæren og auka kunnskap om ernæring og fysisk trening for Hæren.

Viktig for Politihøgskulen

Også Politihøgskulen vurderer samarbeidsavtalen som viktig og ser fram til å halde fram det gode samarbeidet.

– Vi blir sterkare saman. Politiet, og andre etatar, står ovanfor store utfordringar for å løysa samfunnsoppdraga sine. Det er fleire svært relevante fagmiljø ved Høgskulen i Innlandet som gjer at dei er ein attraktiv samarbeidspartnar for oss, seier Kjell Eirik Mortensen, assisterande rektor ved Politihøgskulen.

Avtalen vart signert under eit møte på Elverum fredag 3. mars.

Frå HINN signerte rektor Peer Jacob Svenkerud, mens assisterande rektor Kjell Erik Mortensen signerte for Politihøgskulen.

Det vert sett ned ei samarbeidsgruppe med deltakarar frå begge institusjonar som skal koordinere det vidare arbeidet. 

Kontaktperson frå høgskulen:

Error: https://www.inn.no/finn-en-ansatt/mette-lohren.html?vrtx=vcf does not exist

 


 

Av Tore Høyland
Publisert 3. mars 2023 13:03 - Sist endret 3. mars 2023 14:08