Folk sjukmelder seg for å hjelpe sine gamle foreldre: – Illegitim bruk av ordninga

– Vi foreslår at det blir etablert ein betalt ordning for kortidspermisjon liknande den som finst for foreldre med barn under 12 år, seier forskar.

En dame hjelperen eldre dame med å gå - holder henne i armen en høst dag

Forsking viser at vaksne barn i Noreg ofte gir uformell omsorg til dei gamle foreldra sine. 

Foto: Colourbox

Forsking viser at vaksne barn i Noreg ofte gir uformell omsorg til dei gamle foreldra sine. Spesielt når begge foreldra treng omsorg eller når foreldra bur åleine. 

– Når befolkninga blir eldre, vil forventningar til yngre generasjonar om at dei må yte omsorg til aldrande foreldre, og også jobbe meir, auke, seier NOVA- og OsloMet-forskar Heidi Gautun.

Saman med Christopher Bratt ved Høgskolen i Innlandet (HINN) har Gautun nyleg publisert ein vitskapeleg artikkel i tidsskriftet Social Science & Medicine om temaet.

– For å førebu oss på denne utviklinga er det avgjerande at vi forstår korleis arbeidstakarar balanserer jobb og omsorg for gamle foreldre, fortel forskarane.

Svar frå over 6.000 arbeidstakarar

Denne uformelle omsorga blir hovudsakleg gitt av vaksne barn i alderen 45–60 år, og kan halde fram langt inn i 60-åra.

Artikkelen til Bratt og Gautun byggjer på funn frå studien Omsorg for gamle foreldre og yrkesaktivitet (CoWorkCare).

Der har forskarane sett på korleis yrkesaktive i Noreg tilpassar seg behovet for å yte omsorg til dei aldrande foreldra sine. 

Christopher Bratt i ei gate med uskarp bakgrunn
Christopher Bratt har vore med å skrive forskingsartikkelen som er publisert no.
(Foto: Elen Sonja Klouman/Høgskulen i Innlandet)

I studien analyserte dei svar frå over 6.000 arbeidstakarar i alderen 35 til 67 år.

– Studien vår viser at omsorg for eldre foreldre synest å ha lita påverking på den generelle deltakinga i arbeidsstyrken i Noreg. Samtidig finn vi ei klar auke i arbeidsfråvær blant dei som hjelper dei aldrande foreldra sine, seier Gautun.

– Vi ser at mange tek seg fri frå jobben for å hjelpe dei gamle foreldra sine.

Ei generøs sjukelønsordning

Ifølgje forskarane ser Noregs generøse sjukelønsordning ut til å fungere som ein sikringsventil når presset på barna om å yte omsorg blir for stort.

– Sjukelønsordninga er berre meint å bli brukt av arbeidstakarar når dei sjølv er sjuke. Måten han er utforma på, gjer det likevel mogleg å bruke han til å stille opp for gamle foreldre, fortel Gautun.

Det er ikkje umiddelbart rett ifølgje forskarane.

– Dette er ein illegitim bruk av ordninga, men bruken kan førebyggje at omsorgsgivarar reduserer arbeidstida eller tidlegpensjonerer seg på grunn av omsorgssituasjonen.

Funna tyder på eit misforhold mellom eksisterande formelle fråværsordningar og dei reelle behova arbeidstakarane har når dei kjem i den fasen i livet at foreldre blir omsorgstrengande.

Foreslår ny ordning

Forskarane konkluderer at det hastar å få på plass ordningar som kan kome behova til befolkninga i møte.

Særleg når dei må balansere arbeid med omsorgsoppgåver for gamle foreldre.

– Vi foreslår at det blir etablert ein betalt ordning for kortidspermisjon liknande den som finst for foreldre med barn under 12 år. Ho kan nyttast for å yte omsorg til gamle foreldre. Ei slik løysing kan bidra til å førebyggje uautorisert bruk av sjukelønsordninga og støtte ein meir berekraftig arbeids- og omsorgsbalanse, avsluttar Gautun.

 

Av Halvard Dyb, kommunikasjonsrådgjevar OsloMet
Publisert 27. mai 2024 12:14 - Sist endret 27. mai 2024 12:14