Slik lærer barn kart best

Det er viktig å klare å finne vegen. Kva for kart barn blir introduserte for fyrst i livet, har mykje å seie.

To barn sitter ved et utebord

Det å kunne lese gode, gammaldagse kart på papir kan vere lurt sjølv om vi har mange digitale hjelpemiddel i desse dagar.

Foto: Colourbox

Vi har alle sprunge rundt på skulen vår med kart for å finne postar i nærområdet. Gjerne med litt uforståelege orienteringskart med abstrakte symbol, og litt vanskelege perspektiv.

Om Jon Anders Græsli på Høgskolen i Innlandet fekk bestemme, så hadde norske skular teke i bruk ein metode han og kollegaene hans har forska på der ein lærer seg kart veldig trinnvis.

– Vi samanliknar kartlæring med lese- og skriveopplæring. Du må begynne med lettlestbøker før du kan lese meir avanserte romanar, seier Græsli. 

Nyleg fekk førstelektoren på Fakultet for lærarutdanning og pedagogikk publisert ein artikkel om temaet saman med professor Gudbrand Lien, også han frå Høgskulen i Innlandet.

Karttypen er nøkkelen

Jon Anders Græsli har sjølv vore aktiv orienteringsløpar. Han har også vore trenar for barn og ungdom som driv med orientering.

Interessa for orienteringsfaget har gjort at han og kollegaene hans, Trine Bjerva og Thorsteinn Sigurjónsson, i mange år no har forska på korleis barn kan læra seg å bruka kart på best mogleg måte.

Jon Anders Græsli mot en rustfarget kunstskulptur og en vegg av store vinduer i bakgrunnen
Jon Anders Græsli kan støtte seg både på forskinga si og på eiga erfaring med orientering når det gjeld korleis vi lærer å lese kart best mogleg når vi er barn. (Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskulen i Innlandet)

I det arbeidet har dei mellom anna introdusert noko dei kallar Kartstigen.

154 barn i alderen 5-11 år har testa ut fem ulike karttypar når dei leitar seg fram til ei rekkje kontrollpostar. Forskarane registrerte kor mange som fann postane, og kor lang tid dei brukte.

Dei fem karttypane tek utgangspunkt i den nemnde Kartstigen som spenner frå eit konkret bilete av staden du skal finna, via skisser og teikningar av området du orienterer i og til abstrakte orienteringskart med fugleperspektiv på omgivnadene dine.

Og resultata av denne forskinga er no klare.

– Når barn har konkrete kart, og dei er i ein synsvinkel som dei er fortrulege med, så er det enkelt å finna fram. Når dei kjem på meir abstrakte kart, og får eit synsvinkelskifte der dei til dømes ser ting ovanfrå, fell veldig mange av. Dei finn ikkje fram, og dei som klarer det bruker mykje lenger tid, fortel Græsli. 

Bilder av karttyper

Blant dei yngste deltakarane i forskinga er det rundt to prosent som ikkje finn postane med dei tre mest konkrete karta. 

Når du bevegar deg til dei to «vanskelegaste» karta, aukar andelen som ikkje finn postane til langt over 40 prosent.

Blant dei eldste barna finn alle postane med dei enkle karta – 15 prosent missar postane med eit tradisjonelt orienteringskart.

– Kva er grunnen til dei store forskjellane i å finna postane med dei ulike karta?

– Vi tenkjer det har med den kognitive utviklinga hos barn å gjera. Kva dei forstår og ikkje forstår. Barns tankeverd er konkret i motsetning til nokre av desse karta. Dette gjeld også når det gjeld synsvinkel. Det er vanskeleg å visualisera når karta til dømes er i fugleperspektiv, seier Græsli.

Grafer i forskjellige farger som viser antallet barn som finner poster i orientering

Treng vi å lære kartlesing?

Svaret er ifølgje forskarane ja – sjølv om vi lever i 2024 med mobiltelefonar og digitale duppedingsar som hjelper oss med å finna fram, og som fortel oss i detalj kvar vi skal gå.

Ein ting er det openberre som å finna vegen dersom du har gått deg bort på ein stad du ikkje er kjend. Dersom det er dårleg GPS-dekning eller du har gått tom for straum på mobilen, kan det vera greitt å finna vegen heim sjølv utan hjelp frå redningsmannskap.

Ifølgje Græsli er det eit par andre ting som gjer kartforståing nyttig.

– Mobiltelefonar og karta der har små utsnitt. Dei store karta gir deg ein mykje meir heilskapleg oversikt. Du veit kvar du er på skjermen, men du klarer ikkje å sjå det totale biletet. Det er ein grunn til at folk som skal ut på lange turar på ukjende stader, har med seg store og gode kart.  

Og dersom du skal på storbyferie, kan kartkunnskap vera nyttig.

– Om du kjem til eit nytt område, ein heilt ukjend by til dømes, så ser vi at behovet melder seg med ein gong for å få kjennskap til staden du er. Det er viktig å få ei forståing av kvar i eit område du er, og at du kan referera det til eit kart, meiner Græsli.

– Det å kjenna seg igjen, og vita kvar du er, skaper ei ro og tryggleik.

Liten jente med rosa jakke og lyst hår står med ryggen til kamera og leser kart i Bergen sentrum
Det kan være lurt å kunne å lese kart når du til dømes kjem til ein ny stad. (Illustrasjon: Colourbox)

Skulane på rett veg

Metoden for å læra kartlesing som Græsli og kollegaene hans har komme fram til, blir allereie brukte i ei viss grad i den norske skulen i dag.

– Det som står i LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020) er at ein skal introdusera kart allereie på 1. til 4. trinn. Då skal ein bruka nærkart som er konkrete, fortel førstelektoren på Høgskolen i Innlandet.

Også det å læra ting i rett rekkjefølgje, står det om i LK20.

– Du skal gradvis gå over til meir abstrakte kart, og til kart over meir ukjent terreng enn til dømes skulegarden, seier Jon Anders Græsli.

Det å læra kompass er ute av læreplanverket. Dermed blir kart, og det å læra å bruka det, meir tydeleg. 

Græsli meiner modellen deira kan vera eit godt supplement i opplæringa av barn og unge i kartbruk.

– Vi er veldig interesserte i å få kartstigen vår ut i skulane. Det vil gjera at elevane ikkje møter dei same karta i 3. trinn som i 7. trinn. Vi må gi dei nye ting heile vegen så dei får ei trinnvis utvikling, avsluttar han.

(Medforfattar av artikkelen, professor Gudbrand Lien, døydde 1. mars i år)

Kontaktinformasjon:

Bilde av Jon Anders Græsli
Førstelektor
E-post
jon.grasli@inn.no
Telefon
+47 62 51 77 18

 

 

 

Emneord: kart, barn, skule Av Ole Martin Ringlund, forskningsformidler
Publisert 2. apr. 2024 08:07 - Sist endret 10. apr. 2024 10:45