DigiMulti-innlegg på konferanse i Sveits

Kristin Vold Lexander deltok nyleg på konferansen "Language learning and teaching in digital transformation" arrangert av Pedagogishe Hochshule i Luzern for å presentere resultat frå DigiMulti. 

Kristin Vold Lexander holder innlegg på konferansen "Language learning and teaching in digital transformation" i Luzern, Sveits sommeren '23.

Kristin Vold Lexander i aksjon på konferansen i Luzern, Sveits sommeren '23.

Tittelen på presentasjonen var «Digital wilds at the workplace» og handla om dei ulike måtane andrepsråksbrukarar nytter digitale reiskapar i andrespråkslæring på arbeidsplassen i vid forstand.

Lexander påpeiker at vi får kunnskap om både moglegheiter, utfordringar og potensiale i språklæring på arbeidsplassen når vi studerer digital interaksjon som ein del av arbeidsplassen sin kommunikasjonsøkologi. Opphaldet i Sveits vart og nytta til skrivesamarbeid med kollega Kellie Gonçalves ved Universitetet i Bern.

Meir informasjon

Bilde av Kristin Vold Lexander
Forsker
E-post
kristin.lexander@inn.no
Av DigiMulti
Publisert 12. sep. 2023 13:18 - Sist endret 12. sep. 2023 13:18