English version of this page

Læring for diaspora

Dei som deltar i trusundervisning, lærer sjølvsagt om tru. Men kva anna lærer dei?

Logo for konferansen Religion and spirituality as sites of learning

«First language Catholic catechesis in Norway: Teaching (religion) for the diaspora». Det var tittelen på presentasjonen Anders Aschim heldt under konferansen Religion and spirituality as sites of learning i Åbo, Finland, 15.–17.(!) mai.

I prinsippet skal alle katolske barn i Noreg delta i trusundervisning på norsk språk. Det kan vere vanskeleg for barn og unge som enno ikkje beherskar norsk så godt. Mange stader blir det i tillegg gitt undervisning på språk som polsk, litauisk, vietnamesisk eller tamil. No viser det seg at mange av deltakarane her er svært gode i norsk. Kvifor deltar dei likevel, og kva lærer dei der - ut over det som er sentrum i katolsk katekese, felles tru og praksis? Eit interessant funn er at dette er ein viktig arena for morsmålsundervisning.

Konferansen samla om lag 70 deltakarar frå 13 ulike land. Arrangørar var Donner Institute for Research into Religion and Culture og forskingsprosjektet Learning from New Religion and Spirituality (LeNeRe).

Emneord: FAITHED, trosopplæring, trusopplæring, språk Av Anders Aschim
Publisert 19. mai 2023 16:56 - Sist endret 19. mai 2023 17:14