FAITHED i Religion og livssyn

Den første forsiktige rapporten frå FAITHED-prosjektet er publisert i Religion og livssyn, tidsskriftet til Religionslærerforeningen i Norge.

Religion og livssyn 35/1 (2023)

Minoritetselevar mellom skole, kyrkje og moské

ANDERS ASCHIM, Høgskolen i Innlandet

 

Forskingsprosjektet «Ikkje-formell trusopplæring, offentleg skole og religiøse minoritetar i Noreg» (FAITHED, https://www.inn.no/forskning/forskningsprosjekter/faithed/) er ein studie om og med barn og unge med bakgrunn i dei to største religiøse minoritetane i Noreg, muslimske forsamlingar og Den romersk-katolske kyrkja. Det store fleirtalet i desse gruppene har innvandrarbakgrunn. I tillegg til KRLE-undervisninga i den offentlege skolen tar mange del i trusopplæring i sitt eige trussamfunn. Prosjektet blir gjennomført av eit tverrfagleg team av utdanningsforskarar, religionsforskarar og samfunnsforskarar frå høgskolane i Innlandet og Volda og forskingsinstitutta PRIO og KIFO, med finansiering frå Noregs Forskingsråd.

Korleis er trusopplæringa i desse trussamfunna? Kva tenkjer barna og dei unge sjølve om forholdet mellom denne undervisninga og KRLE-undervisninga på skolen? Korleis møter skolen elevar frå religiøse minoriteter? Og kva tenkjer elevar i offentleg skole om religions- og livssynsmangfald? Dette er spørsmåla vi leitar etter svar på. Vi gjer intervju med barn, unge og foreldrar, men òg med lærarar og leiarar i begge undervisningssystema. Observasjon av trusundervisning og elevoppgåver i KRLE-klasser er supplerande metodar. Eit geografisk perspektiv er viktig i studien. Vi gjer feltarbeid både i storby og distrikt, på Austlandet og på Vestlandet.

Tidsramma for prosjektet går frå hausten 2021 til hausten 2025. Vi er framleis i datainnsamlingsfasen, så det er eit godt stykke fram til vi kan leggje fram analyser. Nokre førebelse observasjonar og refleksjonar kan vi kanskje likevel våge oss på.

KRLE-faget

For lesarar av Religion og livssyn er kanskje det mest interessante spørsmålet korleis desse minoritetselevane, foreldra og lærarane deira i forsamlinga oppfattar KRLE-faget.

Fleire barn og unge i studien vår gir eit positivt inntrykk av KRLE-faget, ikkje minst det å lære om ulike religionar og livssyn. Dei har klassekameratar og gjerne vener frå ulike tradisjonar. Når det gjeld framstillinga av deira eigen tradisjon, er bildet noko meir delt, truleg også avhengig av kompetansen til den einskilde lærar. Ein muslimsk elev seier at han ofte må «rette på læraren». Ein katolsk elev meiner at det blir mykje fokus på protestantisk kristendom. Da føler ho seg «litt mindre inkludert». Representasjon er ei utfordring i KRLE-faget. Om sin eigen tradisjon lærer desse elevane sjølvsagt langt meir i trusopplæringa dei er med på i si eiga forsamling, og på ein annan måte. Her blir dei sosialiserte inn i religiøse praksisar, på skolen møter dei i hovudsak eit utanfrå-perspektiv.

Nokre minoritetsforeldrar meiner det er fint at elevane lærer om religions- og livssynsmangfaldet i samfunnet, medan andre uttrykker uro over relativisme i skolen og KRLE-faget, særleg når det gjeld yngre barn. Ein muslimsk far seier: «Du veit, skolen seier: ’Alle kan ha rett’. For meg skaper det forvirring for eit barn.» Ei katolsk mor uttrykker ein tilsvarande reaksjon: «For min del vil eg seie at undervisninga på skolen, den forvirrar barna. For det dei lærer på skolen og det dei lærer i kyrkja, det er ulikt.» Å kome frå ein kultur der religion gir den sjølvsagte ramma rundt dagleglivet til eit samfunn der religion i høgda er ein sektor mellom andre (hos Statistisk sentralbyrå finn ein religionsstatistikk under kategorien «Kultur og fritid») er krevande for mange migrantar. Nokre foreldrar skulle ønske seg ei konfesjonell religionsundervisning, slik mange kjenner det frå heimlandet.

Lærarane som står for trusopplæringa er oftast frivillige lekfolk. Fleire er positive til KRLE-faget, andre har lite kjennskap til det. No har Audun Toft si forsking dokumentert korleis undervisning om islam i skolen har ein tendens til å bli prega av negative medieoppslag. Somme katolske truslærarar har ei liknande oppfatning av bildet som blir gitt av katolisismen, prega av haldningar som blir oppfatta som reaksjonære og av skandalar. «Vi er jo den religionen som Luther måtte frigjøre seg fra», seier ein katolsk frivillig kateket. Ho set på den måten ord på noko av det den svenske religionsdidaktikaren Jenny Berglund har omtala som den «lutherske marinaden» som ho meiner framleis pregar det svenske (og norske) ikkje-konfesjonelle religionsfaget. Meir eller mindre medvite er oppfatninga av «dei andre» framleis prega av eit protestantisk blikk.

Trusopplæringa

I Den katolske kyrkja er trusopplæringsprogrammet, katekesen, i prinsippet regulert av dokument frå Vatikanet og frå det lokale bispedømet, på grunnlag av kyrkja si katekisme, som er felles over heile verda. Dette er heilt annleis i muslimske forsamlingar, som i høg grad er organiserte nedanfrå. Likevel kan ein finne, som Christina Hedman og Natalia Ganuza har påpeikt, «a shared transnational religious habitus, which shapes the faith literacy practices introduced to children through the Qur’an school».

Samtidig varierer vilkåra for trusopplæringa mykje, avhengig av ressursar som undervisningslokale, tilgang på lærarar og læremidlar, og ikkje minst av geografi. I små forsamlingar i distrikta kan mange ha langt å reise til undervisning. Ofte er det berre mogleg å møtast ein gong i månaden eller sjeldnare. I storbyforsamlingar kan ein ha undervisning oftare, men det kan vere svært stor pågang av elevar og knappheit på ressursar som rom og lærarar.

Trusopplæringa har andre mål enn KRLE-faget i skolen. Metodane er meir varierte enn den pugginga som kanskje har vore det tradisjonelle bildet av slik trusundervisning. Både i katolske og i muslimske settingar er det stor vekt på praksisdimensjonen. Ein lærer å be, og ein blir sosialisert inn i eit religiøst fellesskap med sine tradisjonelle verdiar. Vi anar ein viss ambivalens knytt til innhald og verdiformidling hos nokre informantar i den offentlege skolen, særleg når det gjeld islam. Det katolske ser stort sett ut til å gå under radaren.

Norsk og transnasjonalt

Samtidig har trusopplæringa også andre interessante effektar som vi ønsker å utforske nærare. På den eine sida ser vi transnasjonale band i funksjon, som når barn og unge med polsk bakgrunn følgjer undervisning i sin norske heimekyrkjelyd, men reiser til Polen for å feire dei høgtidelege seremoniane rundt førstekommunion eller konfirmasjon, eller når muslimske barn i tillegg til undervisninga i moskeen får arabiskundervisning over internett frå andre stader i verda.

På den andre sida finn vi at norsk er undervisningsspråk i høgare grad enn ein kanskje kunne tru, også i undervisningssituasjonar som samlar ei gruppe med same språklege bakgrunn. Fleire muslimske elevar seier at dei òg blir betre i norsk språk av å delta i undervisning i moskeen. Ei jente i ei etnisk mangfaldig forsamling seier: «Eg snakkar jo med folka her, og så bruker vi berre norsk, og så lærer eg nye fagomgrep som eg kan bruke på skolen når vi har norsktime». At det skjer mykje omsetjing i timane, har òg ein positiv effekt.

Eit særleg spennande aspekt ved både katolske og mange muslimske forsamlingar er det indre mangfaldet. Kyrkja og moskeen samlar menneske med mange ulike kulturelle og språklege bakgrunnar. Om trusundervisninga bidrar til utviklinga av ein slags fellesnorsk islam eller katolisisme, er eit interessant spørsmål. Og særleg interessant er spørsmålet om korleis trusopplæringa gir livshjelp og bidrar til identitetsdanning hos deltakarane. Nokre svar på desse spørsmåla håper vi å kunne dele etter kvart.

 

Referansar

Berglund, J. (2022). Swedish Religion Education in Public Schools – Objective and Neutral or a Marination into Lutheran Protestantism? Oxford Journal of Law and Religion, 11, 109–121. https://doi.org/10.1093/ojlr/rwac018

Hedman, C. & Ganuza, N. (2019). Introductory commentary: Lived experiences of qur’anic schooling in Scandinavia. Apples – Journal of Applied Language Studies, 13(4), 7-13. https://doi.org/10.17011/apples/urn.201912185421

Toft, A. (2017). Islam i klasserommet: Unge muslimers opplevelse av undervisning om islam. I I. M. Høeg (Red.), Religion og ungdom, s. 33-49. Universitetsforlaget.

Av Anders Aschim
Publisert 30. mars 2023 15:40 - Sist endret 30. mars 2023 15:40