Boka Researching Non-Formal Religious Education in Europe (2019) er ei state of the art-framstilling av forskingsfeltet og ei av inspirasjonskjeldene til FAITHED-prosjektet. Eit forskingsopphald ved Universität Tübingen i november 2023 har gitt prosjektleiar Anders Aschim høve til å møte og utveksle idear med to av redaktørane, professorane Friedrich Schweitzer og Wolfgang Ilg, og med fleire andre medforfattarar i boka og andre forskarar i feltet.
I Tyskland skjer studium og forsking innan religionspedagogikk i hovudsak ved teologiske institusjonar. Av særleg interesse for FAITHED-prosjektet er det at universitetet i Tübingen har både eit protestantisk og eit katolsk teologisk fakultet, i tillegg til eit sentrum for islamsk teologi, med professorar både i protestantisk, katolsk og islamsk religionspedagogikk. Dei tre professorane samarbeider tett i Kooperativ-Interreligiöser Forschungsverbund für Religiöse Bildung, og dei har publisert fleire bøker saman.
Fredag kveld 10. november gav Anders Aschim ein presentasjon av FAITHED-prosjektet for 18 forskarar og studentar ved universitetet i Tübingen. I den etterfølgjande diskusjonen blei fokuset på religiøse minoritetar framheva som eit særleg viktig aspekt ved prosjektet.
![](/english/research/research-projects/faithed-english/news/dsc02008.jpg)
![](/english/research/research-projects/faithed-english/news/dsc02006.jpg)
Torsdag 16. november besøkte Aschim Evangelische Hochschule Ludwigsburg. Etter eit inspirerande møte med professor Wolfgang Ilg og forskingsgruppa Ungdomsarbeid heldt han ei gjesteførelesing for studentar. Forskingsgruppa har lagt ei sak om besøket på heimesida si.
Du kan lese meir om FAITHED-prosjektet her.