Sju millionar til forsking på utanforskap hos unge

Høgskulen i Innlandet har saman med NAV Innlandet fått sju millionar kroner til å forske på korleis tjenestetilbodet til unge mellom 16 og 25 år fungerer.

Logoene til Høgskolen i Innlandet og NAV ved siden av hverandre

Saman skal høgskulen og NAV i Innlandet sjå nærare på korleis tenestetilbodet til unge folk heng saman.

Nyheita vart slept i ei pressemelding frå Noregs Forskingsråd fredag.

– Vi søkte i fjor også og nådde nesten opp. Vi gjorde nokre forbetringar, og det er veldig moro at vi no fekk stong inn, seier prosjektleiar Ingjerd Thon Hagaseth.

Ho har jobba på vegne av prosjekteigar NAV for å sikra relevansen og god kopling til praksisfeltet. 

Postdoktor Mette Sønderskov er prosjektansvarleg forskar i prosjektet og har leidd prosessen med sjølve søknaden.

– Vi har jobba iherdig med dette i to år, så dette var ei god nyhet, fortel ho.

Særleg fokus på barnevernet

Portrettbilde av Ingjerd Thon Hagaseth
Høgskulelektor Ingjerd Thon Hagaseth har vore prosjektleiar på vegne av NAV.

Ifølge pressemeldinga delar Forskingsrådet til saman ut 110 millionar kroner til åtte ulike prosjekt i heile landet.

Dei åtte forskingsprosjekta skal bidra til meir innovasjon i dei offentlege heilsetenestene. Dei skal og auka samarbeidet mellom næringslivet og offentleg sektor. 

Eit av forskingsprosjekta som altså har har komma seg gjennom nålauge er HINN og NAV sitt.

Forskingsrådet skriv i pressemeldinga si:

"NAV Innlandet og Høgskolen i Innlandet får 7 millionar kroner til eit prosjekt som skal utvikla eit meir samanhengande tenestetilbod til unge mellom 16-25 år, særleg med fokus på dei som får tiltak frå barnevernet. Innovasjonen vil forsterka samhandling mellom tenestene. På sikt vil tenesta føra til at det blir færre unge som står utanfor utdanning og arbeid."

– Vi jobbar med ei innovasjonstilnærming som blir kalla positive avvik. Det er ein litt anderledes tilnærming. Vi finn ikkje ut noko nytt, men foredlar det vi allereie veit fungerer, forklarer Thon Hagaseth.

Den går ut på at ein rett og slett rett rettar merksemda mot det ein allereie lykkast med, og tek omsyn til det i det vidare arbeidet .

– Dette gav tydelegvis gjenklang hos forskingsrådet, seier Thon Hagaseth. 

Skal finne løsninger

NAV Innlandet og HINN har fått støtte under posten Innovasjonsprosjekt i offentleg sektor.

Ifølgje Forskingsrådet skal eit Innovasjonsprosjekt i offentleg sektor bidra til å innovera tenester, infrastruktur og forvaltning på ein berekraftig, systematisk og effektiv måte. Prosjekta blir leidde av offentlege aktørar og blir gjennomførte i samarbeid med forskarar.

Målet er at samarbeid mellom forskarar og offentleg sektor skal løfta kvaliteten på innovasjon i offentleg sektor, auka tilfredsheita blant tilsetja og heva kompetansen til alle involverte.

NAV og høgskulen har hatt ein langvarig samrbeidsavtale som ligg i botn for det prosjektet som dei no har fått støtte for. 

I tillegg til NAV Innlandet og HINN har VID vitenskapelige høgskole ei sentral rolle i prosjektet. Dei er blant institusjonane i Noreg med dei fremste forskarane innan barnevern.

– Gode folk å ha med på laget, avsluttar Thon Hagaseth.

Kontaktinformasjon:

Bilde av Ingjerd Thon Hagaseth
Høgskolelektor
E-post
ingjerd.thon.hagaseth@inn.no
Telefon
+47 61 28 81 54
Bilde av Mette Sønderskov
Postdoktor
E-post
mette.sonderskov@inn.no
Telefon
+47 62 43 08 04

 

 

Av Ole Martin Ringlund
Publisert 2. feb. 2024 09:51 - Sist endret 5. feb. 2024 09:40