Forseinka handsaming av universitetssøknad

NOKUT varslar at dei må bruke lengre tid enn venta på å handsame Høgskulen i Innlandet sin søknad om akkreditering som universitet.

Det er i eit brev til høgskulen at Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) skriv at dei trenge meir tid enn normalt på saka. Dette forklarar dei med at dei i 2022 og 2023 har fått fleire søknadar enn dei har sakshandsamarar til å behandle.

– Vi meiner at vi har levert ein god universitetssøknad og ser det som uheldig at handsaminga trekker ut i tid. Vi har møtt NOKUT om utsetjinga, som dei er tydelege på at skuldast ressursmangel og ikkje forhold ved søknaden vår, seier rektor Peer Jacob Svenkerud ved Høgskolen i Innlandet. 

NOKUT skriv at dei vil gjere ein administrativ gjennomgang av høgskulen sin søknad i juni 2023. Deretter vil dei opprette ein sakkyndig komité og faggrupper som skal gjennomgå og vurdere søknaden. Desse vil få tilgang til søknaden til hausten. 

NOKUT legg opp til eit såkalla institusjonsbesøk ved høgskulen i mars neste år, og at søknaden formelt kan handsamast i NOKUT sitt styre i oktober 2024.

Høgskulen i Innlandet sende sin søknad om akkreditering som universitet 12. desember 2022. 

Les meir om HINN sin universitetssøknad

Kontakt

Bilde av Peer Jacob Svenkerud
Rektor
E-post
peer.svenkerud@inn.no
Telefon
+47 62 43 04 06
Publisert 20. apr. 2023 12:17 - Sist endret 20. apr. 2023 12:17