English version of this page

Skal leie nytt fakultet frå august

Leif Holst Jensen får tilbod om åremål som dekan ved det nye fakultet for film, TV og spill ved Høgskulen i Innlandet (HINN).

Leif Holst Jensen i svart dressjakke står utendørs foran et skilt med høgskolens logo

Leif Holst Jensen får tilbod om dekanstillinga ved HINN sitt nye fakultet.

Foto: Privat

Holst Jensen er i dag dekan ved Fakultet for audiovisuelle medier og kreativ teknologi (AMEK) som frå 1. august vert slått saman med Den norske filmskulen (DNF), som også er eit fakultet ved HINN.

– Leif Holst Jensen har lang erfaring frå både utdanningssektoren og film- og fjernsynsbransjen. Han har vore ein engasjert fakultetsleiar i den rolla han har i dag, og vi er trygge på at han vil fylle også si nye rolle på ein god måte, seier styreleiar Maren Kyllingstad.

Noverande dekan ved Den norske filmskulen, Eli Bø, er innstilt som nummer to til stillinga, og har fått tilbod om vidareføring i stillinga som leiar av filmskulen, som er ein av tre skular i det nye fakultetet.  

– Det er to godt kvalifiserte kandidatar som vart innstilte, etter ei samla vurdering av faglege kvalifikasjonar, erfaring og personlege eigenskapar. Styret følgde fleirtalsinnstillinga fra det oppnemnde innstillingsutvalet, seier Kyllingstad.

Robuste og sterke fagmiljø

I desember i fjor avgjorde høgskulestyret at dei to fakulteta skulle slåast saman til eitt. Styret meinte at ein fusjon var det rette for å henge med i utviklinga og byggje robuste og sterke fagmiljø for framtida. 

I eit styremøte tysdag vart det avgjort å tilsetje Leif  Holst Jensen som ny dekan.

– Tilsetting av dekan er ein viktig milepæl. Leif Holst Jensen vil framover spele ei sentral rolle i utvikling og etablering av det nye og samla fakultetet, og får både det faglege og administrative ansvaret for all verksemd ved fakultetet framover. Som intern søkar kan han gå inn i arbeidet straks det formelle rundt tilsetjinga er på plass, seier rektor Peer Jacob Svenkerud.

Over 600 studentar

Det nye fakultetet vil ha om lag 660 studentar og 130 tilsette, og tilbyr mellom anna utdanning  i film, TV-produksjon, animasjon og spelteknologi. 

Hausten 2024 startar fakultetet også opp ei bachelorutdanning i kunstig intelligens.

Den norske filmskulen, TV-skulen og Spillskulen vert førte vidare som einingar i det nye fakultetet, med kvar sin skuleleiar. 

Kontakt

Bilde av Peer Jacob Svenkerud
Rektor
E-post
peer.svenkerud@inn.no
Telefon
+47 62 43 04 06
Av Tore Høyland
Publisert 7. mai 2024 13:31 - Sist endret 8. mai 2024 11:09