Fleirspråklegheit, mangfald og inkludering

Desse temaa blei utforska på ulik vis då professor Jim Cummins frå University of Toronto vitja Hamar 25.–27. september.

Biletet visar studentar som diksuterer med professor Jim Cummins etter den opne forelesinga.

Grunnskolelærarstudenter diskuterer med professor Jim Cummins etter den opne forelesinga. (Foto: HINN)

Det meste av tida bidrog han på ulik vis på aktivitetar i ph.d.-progammet PROFF, men han heldt også ei ope gjesteforelesing med tittelen "Multilingual development and literacy socialization: Creating a foundation for educational success in the preschool and primary school years".

Professor Cummins blei i 2014 utnemnd til æresdoktor ved dåverande Høgskulen i Hedmark og knytt til ph.d.-programmet i profesjonsretta lærarutdanningsfag (PROFF).

I det forskingsrådsfinansierte prosjektet DigiMulti er Cummins ein av fleire internasjonale samarbeidspartnarar. No vitja han Hamar for å vere ekstern evaluator for sluttlesinga til Hilde Thyness som er stipendiat på PROFF finansiert frå DigiMulti.

Han heldt også ei forelesing på ph.d.-emnet Digitalization and Inclusion, eit emne som spring ut av arbeidet på DigiMulti.

Deltakarar på seminaret Migration, Multilingualism, and Inclusive Education. (Foto: HINN)
Deltakarar på seminaret Migration, Multilingualism, and Inclusive Education. (Foto: HINN)

Tysdag 26. september arrangerte dei to forskargruppene Språkdidaktikk i fleirspråklege kontekstar og Diversity in Education seminaret "Migration, Multilingualism, and Inclusive Education" der heile åtte ph.d.-stipendiatar presenterte sine prosjekt for Cummins og fekk kommentarar frå han og dei andre seminardeltakarane.

Slike moglegheiter til diskusjonar i lys av den internasjonale forskingsfronten er viktige og inspirerande delar av kvalitetsarbeidet på programmet. Cummins har vore i Hamar fleire gonger tidlegare og seier at han har ein eigen plass i hjartet for fagmiljøet her.

Inspirerande forskar

Jim Cummins er professor emeritus ved Ontario Institute for Studies in Education ved University of Toronto, Canada. Forskinga hans har vore til stor inspirasjon for forskarar og lærarar over heile verda. Han har utvikla fleire teoriar om læring og identitetsutvikling til fleirspråklege barn og unge som har hatt stor innverknad ikkje berre i forsking, men også i skoleutvikling og utdanning av lærarar.

Blant bøkene hans finn vi til dømes: Bilingualism and Special Education (Multilingual Matters, 1984); Language, Power and Pedagogy: Bilingual Children in the Crossfire (Multilingual Matters, 2000); Identity Texts. The collaborative Creation of Power in Multilingual Schools (Trentham Books, 2011) og Rethinking the Education of Mulitlingual Learners (Multilingual Matters, 2021).

Relevante lenker

 

Emneord: språkforskning
Publisert 27. sep. 2023 15:30 - Sist endret 13. okt. 2023 13:23