Skredeseminaret

Velkomen til Vågå og seminar til minne om lyrikaren og kritikaren Ragnvald Skrede.

Bilete av Ullinsvin og Skrede i kollasj.

Ragvald Skrede vert minna med eit eige seminar i Ullinsvin i Vågå.

Foto: Ullinsvin/Det norske samlaget

Ragnvald Skrede var ein gåverik lyrikar og kritikar frå Vågå. Han gav ut ei rekkje kritikarroste diktsamlingar, og opplevde både å få Kritikarprisen, Doblougprisen og Norsk kulturråd sin pris. Dikta hans har ein sterk undertone som ber preg av sterke kjensler og tøffe livserfaringar etter ei vanskeleg oppvekst.

Skrede vart fødd i 1904 som den yngste av 7 sysken i ein heim som var prega av konflikter. Foreldra skilde lag da han var berre to år gammal, og Ragnvald og eine broren voks opp hos mora.

Allereie tidleg i livet synte Ragnvald at han var gåverik. Han las mykje, og vart uteksaminert frå Elverum lærarskule i 1924 med framifrå resultat. Seinare studerte han både filosofi, gresk og latin medan han arbeidde som lærar og klokkar i Rauland og Vågå. Skrede arbeidde i mange år som kritikar, først i Verdens Gang og seinare i Dagbladet. Han var også medlem av juryen for Nordisk råds litteraturpris frå 1969, og sat eit par år som formann i Det litterære råd i Den norske forfattarforening.

Program

Tysdag 17. oktober

09.30 – 10.00: KAFFE
10.00 – 10.15: Opning v. ordførar Harald Bjørndal og Kari Hølmo Holen, Mållaget Ivar Kleiven
10.15 – 11.00: Professor Jan Inge Sørbø, Høgskulen i Volda: Ragnvald Skrede i litteraturhistorisk samanheng

PAUSE

11.15 – 11.45: Førsteamanuensis Kristian Lødemel Sandberg, Høgskolen i Innlandet: «Når visdomssteinen er funnen». Visdomslitteratur som inngang til Skredes lyrikk
11.45 – 12.30: Professor Silje Solheim Karlsen, Universitetet i Tromsø. Ragnvald Skrede, idéen i mennesket - og kjærligheten

LUNSJ

13.00 – 13.45: Professor Ingrid Nielsen, Universitetet i Stavanger: Drømmer, skrømt og syner i Ragnvald Skredes debutsamling "Det du ikkje veit" (1949).
13.45 – 14.30: Førsteamanuensis Ingrid Skjerdal, Høgskolen i Innlandet: «No får eg ei røyst og kan syngje min song» - Retning, rytme og røyster i dikt av Skrede

PAUSE

14.45 – 15.30: Professor Ole Karlsen: «I ormegarden». Om den litterære ekfrasen
16.00 – 17.00: Besøk i Grindstugulego 7 i Vågåmo, der Ragnvald Skrede vart født. Seinare vart det kjøpt av Ola Martinus Høgåsen
19.00: Kveldseto i Ullinsvin - Samtale om Skrede og underhaldning v. Endre Skjåk m.fl. "Skredeplager: Bak dei siste blånar". 

Onsdag 18. oktober

09.30 – 10.30: Konservator Stein A. Hevrøy, Olav H. Hauge-senteret: «Då eg var ung / såg eg det få andre såg»: Om unge og eldre sjeler hos William Wordsworth, Olav H. Hauge og Ragnvald Skrede
10.45 – 11.30: Førsteamanuensis Elin Stengrundet, Høgskolen på Vestlandet: «Menneska er vonde frå ungdomen av». Ungdom i Ragnvald Skredes forfatterskap

KAFFE

11.45 – 12.30: Professor Ole Karlsen, Høgskolen i Innlandet: Skredes sonettar
12.30 – 13.00: Avsluttande diskusjon

Seminaret vert avslutta med lunsj. 

Praktisk informasjon

Seminar og kveldseto er i galleri Ullinsvin, og blir arrangert av Mållaget Ivar Kleiven i samarbeid med Nordisk Institutt ved Høgskolen i Innlandet v. professor Ole Karlsen, Vågå Historielag og Vågå bibliotek.

Du kan kjøpe billett til kveldseto på nett, eller ved inngangen.

Kontaktperson

Bilde av Ole Karlsen
Stillingskode udefinert
E-post
ole.karlsen@inn.no
Telefon
+47 62 51 76 69

Arrangør

Høgskolen i Innlandet, Mållaget Ivar Kleiven, Vågå historielag og Forskargruppa Nordisk litteratur (NORLITT)
Publisert 17. okt. 2023 10:15 - Sist endret 24. okt. 2023 12:56