Open forelesing: Må vi gje opp demokratiet for å redde klimaet?

Forelesinga er ved statsvitar Jon Naustdalslid, som no er aktuell med boka "Klimatrusselen. Krise for demokratiet?"

Illustrasjosnbilde av flom, en trapp  hvor nederste steg er dekket av vann

Jon Naustdalslid

Velkommen til Lektor Fjords minneforelesing 2023!

Jon Naustdalslid er statsvitar, forfattar og tidlegare forskingssjef og instituttsjef ved Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR). 4. mai 2023 kjem han til oss for å halda årets Lektor Fjords minneforelesing.

Må vi gje opp demokratiet for å redde klimaet?

Dei mest pessimistiske blant oss hevdar at den globale oppvarminga vil rasere livet på jorda og føre oss i retning av eit globalt Armageddon. Klimatrusselen blir likna med ein krigstilstand, og i krig må demokratiske spelereglar settast til side. Dei mest fortvila klimaaktivistane til høgre og venstre, men også forskarar, hevdar at dersom vi skal ”redde verda”, vil det krevje så betydelege endringar i våre liv at det ikkje vil vere mogleg å gjennomføre ei omlegging av samfunnet innafor rammene av demokratisk politikk.

Naustdalslid vil problematisere dette synet i forelesinga. Demokratiet er rett nok ikkje perfekt, men kritikarane kan ikkje vise til noko betre system for å handtere den store utfordringa som klimatrusselen er. Forelesinga vil vere eit forsvar for demokratiet i klimakampen.

Forelesinga varar i 45 minutt. Det blir høve til å stille spørsmål.

Les meir om den tradisjonsrike Lektor Fjords minneforelesing ved HINN. 

Velkommen til Auditorium C på Lillehammer, 4. mai 2023 kl. 16.15. 

Strøyming av forelesinga

Det er open strøyming av forelesinga på Zoom.

Webinar ID 641 9242 5966 - Passcode 993825

Forelesinga blir og strøyma direkte til rom M202 på studiested Rena (rom M202).

Emneord: klima, regional utvikling, lektor fjords minneforelsening
Publisert 30. mars 2023 13:27 - Sist endret 2. mai 2023 13:23