Kunnskap der folk bur: Universitet og høgskular som reiskap for regional utvikling

Forsking- og utdanningsminister Oddmund Hoel møter kommunesektoren og næringslivet til debatt om kva staten bør gjere for at universitet og høgskular med mange campus skal kunne bidra meir til regional vekst og utvikling.

Møt oss på Arendalsuka - deltagerlogoHøgskular og universitet skal drive utdanning, forsking og regional utvikling på høgt nivå. Det er mange forventingar frå samfunnet til desentrale høgskular og universitet sine roller som utviklingsaktørar. Er vi flinke nok til å utnytte potensialet desse har til å være motorar for regional utvikling? Får dei verkemidla dei treng?

Forsking- og utdanningsminister Oddmund Hoel møter kommunesektoren og næringslivet til debatt om kva staten bør gjere for at universitet og høgskular med mange campus skal kunne bidra meir til regional vekst og utvikling.

Medverkande

  • Oddmund Hoel, forsknings- og høgare utdanningsminister, regjeringa
  • Odd Stangeland, nestleiar, KS
  • Helene Frihammer, leiar, NHO Vestland
  • Ordstyrar Geir Kåre Resaland, prorektor regional utvikling, Høgskulen på Vestlandet

Stad

Ishavsskuta Berntine ved Hotel Tyholmen

Stream arrangementet

Ikkje i Arendal? Stream arrangementet her

Meir informasjon

Debatten vert arrangert i fellesskap av VINST-alliansen, som består av  Høgskolen i Innlandet, Høgskulen på Vestlandet, Nord universitet og Universitetet i Sørøst-Norge.

Arrangementet vert oppdatert/endringar kan finnast.

Arrangør

VINST-alliansen
Emneord: Arendalsuka 2024
Publisert 18. juli 2024 07:53 - Sist endret 1. aug. 2024 11:19