Testane vert berre delte ut til personar som får symptom på Covid-19 medan dei er på studiestaden (1 test), eller som er husstandsmedlemmar eller tilsvarande nære til ein som har testa positivt for Covid-19 (5 testar).
- Du må ha på munnbind ved henting.
- Er du sjuk må du få andre til å hente test for deg.
- Sjølvtestane toler ikkje kuldegrader. Ta difor med noko som beskyttar testane mot kulde.
På Evenstad, Rena, Elverum og Hamar skjer utdelinga frå resepsjonar/servicepunkt i heile opningstida.
På Blæstad kan testar hentast i heile opningstida ved Elisabeth Røe sitt kontor i hovudbygninga.
På Lillehammer skjer utdelinga mellom kl. 10.30 og 13.00 utanfor servicepunktet på plan 3 i hovudbygget. (NB: tidspunkta kan bli endra.)
Du kan óg få testar ved å kontakte kommunen din.
Finn kontaktinformasjon til din kommune (helsenorge.no)