Utdeling av hurtigtestar på studiestadane

Høgskulen delar ut koronatestar på alle studiestadar til studentar og tilsette.

Nærbilde av en hånd som holder en covid hurtigtest

Testane vert berre delte ut til personar som får symptom på Covid-19 medan dei er på studiestaden (1 test), eller som er husstandsmedlemmar eller tilsvarande nære til ein som har testa positivt for Covid-19 (5 testar).

  • Du må ha på munnbind ved henting. 
  • Er du sjuk må du få andre til å hente test for deg. 
  • Sjølvtestane toler ikkje kuldegrader. Ta difor med noko som beskyttar testane mot kulde.

På Evenstad, Rena, Elverum og Hamar skjer utdelinga frå resepsjonar/servicepunkt i heile opningstida.

På Blæstad kan testar hentast i heile opningstida ved Elisabeth Røe sitt kontor i hovudbygninga. 

På Lillehammer skjer utdelinga mellom kl. 10.30 og 13.00 utanfor servicepunktet på plan 3 i hovudbygget. (NB: tidspunkta kan bli endra.)

Du kan óg få testar ved å kontakte kommunen din. 

Finn kontaktinformasjon til din kommune (helsenorge.no)

Publisert 7. feb. 2022 15:12 - Sist endret 8. feb. 2022 08:42