English version of this page

Universitetsalliansen Emerge

Høgskolen i Innlandet er partnar i den europeiske universitetsalliansen Emerge. Alliansen består av ni universitet og høgskular frå åtte land. I tillegg er eitt ukrainsk universitet assosiert medlem.

Høgskolen i Innlandet har delteke i Emerge sidan 2019, og samarbeidet står sentralt i det internasjonale arbeidet til høgskulen.

Alliansen har medlemmar frå Irland, Spania, Frankrike, Tyskland, Slovakia, Kypros, Hellas og Noreg.

Alliansen gir HINN europeiske partnarar å samarbeide med både om forsking og utdanning. Den opnar for utveksling av studentar og tilsette.

Samarbeidet gir også moglegheiter for Innlandet som region. Alliansen kan utløyse spennande fellesprosjekt som gir aktørar i regionen tilgang til ein samla kompetanse som er mykje større enn det høgskulen åleine kan levere. Fleire aktørar i Innlandet er også samarbeidspartnarar i Emerge-prosjektet. 

Partnarskapet er eit viktig bidrag til internasjonal kvalitet og dermed høgskulen sin ambisjon om status som universitet.

Sjå Emerge si heimeside her

Aktuelt fra Emerge

  • Prestisje og 20 millioner kroner til HINN 1. juli 2024 14:16

    EU-kommisjonen innvilger Høgskolen i Innlandet og universitetsalliansen Emerge status som «European University».

  • Formidling av forskning på agendaen 21. juni 2024 10:51

    Nylig var forskere fra hele EMERGE-alliansen samlet i Hamar for å være med på et intensivt kurs om formidling av vitenskapelig forskning.

  • Skapte studentenes plass i Emerge 3. mai 2023 11:25

    Studentene Lea og Andreas fra HINN var i forrige uke med da rammene for et studentforum i universitetsalliansen Emerge ble lagt på Kypros.

Dette betyr «European University»

Partnarane i Emerge  har sidan 2019 jobbet med å få status som europeisk universtetsallianse gjennom European Universities Initiative (EUI) i Erasmus+.

Denne EU-ordningen skal bidra til det EU kaller ei reform av utdanningssektoren i Europa. EU ønsker at institusjonar innan høgare utdanning skal forplikte seg til eit tettare institusjonelt samarbeid som bidrar til auka mobilitet, fagleg utvikling og forsking.

EUI-status fører mellom anna til at deltakarane i alliansen må ha ein felles langtidsstrategi for utdanning som styrkar koplinga mellom utdanning, forsking og innovasjon. Strategien skal legge til rette for fri flyt av studentar og tilsette mellom institusjonane.

Studentar skal kunne kombinere emner frå dei ulike institusjonane i utdanninga si. Forskarar skal lett kunne samarbeide på tvers og bidra i felles prosjekt. Det skal også vere enkelt for medarbeidarar å veksle mellom institusjonane, og for eksempel gjennomføre utvekslingsopphald i periodar.

Emerge er ei forkorting for «Empowering the margins of Europe through Regional and Global Engagement».

Alle partnarar er regionale utdanningsinstitusjonar som held til i periferien i sine land. Partnarane ser dette som ein pluss fordi institusjonene er viktige i sine regionar, og ynskjer å bruke alliansen til å styrke regionane i Europa, framfor å knytte dei sterkare til sentrale strøk. 

Institusjonane ønsker å være sentrale samarbeidspartnarar for arbeids- og samfunnsliv, for eksempel gjennom livslang lering. Vi vil bidra til berekraftig samfunnsutvekling, både i det offentlege rom og i næringsliv, gjennom å forske på, om og for regionane.

Logoen til universitetsalliansen Emerge

Kontakt ved HINN

Bilde av Bente Gaalaas Rønningen Bolme
Seniorrådgiver
E-post
bente.bolme@inn.no

 

 

University of Limerick i Irland koordinerar samarbeidet i Emerge.

Sjå universitetsalliansen si nettside