Angrerett på betalingsstudiar

Ein student har rett til å trekkje seg i frå ein avtale om studieplass ved betalingsstudiar (Lov om angrerett).

Følgjande gjeld ved Høgskolen i Innlandet sine kurs og studiar med deltakar-/studieavgift:

Før du har fått tilbod om plass

Du kan melde deg av eit studium/kurs før du har fått tilbod om plass.

  • Inntil utløpet av søknadsfristen: meld deg av med å trekkje søknaden din inne i Søknadsweb (EVU-web ved kurs/e-post til kontaktperson for kurset)
  • Etter søknadsfristen gjekk ut: meld deg av med å sende e-post til opptak@inn.no
  • Meld deg av med å sende beskjed på e-post til kontaktperson for kurset. Skriv at du trekkjer søknaden din.

Etter du har fått tilbod om plass

Etter at du har fått tilbod om plass gjeld angrerettloven (lovdata.no). Du kan fritt trekkje deg frå studiet/kurset innan 14 dagar etter at du har takka ja til kurs-/studieplass. Angreretten går frå avtaleinngåing (når du har takka ja til kurs-/studieplass). Er tilbod om plass ikkje svart på innan 14 dagar frå du fekk tilbodet, blir tilbodet akta som avslått. Skulle søkjar likevel få høve til å takke ja etter svarfristen gjekk ut, gjeld angreretten frå den nye svarfristen søkaren får.  Det er ikkje høve til å ta atterhald om trygd frå Lånekassen/NAV ved svar på tilbod om plass.

Dersom du ynskjer å nytte deg av angreretten, må du gje oss skriftleg beskjed om dette ved å sende inn utfylt skjema for opplysningar om angrerett (lenka opp). Skjemaet sendast per e-post til postmottak@inn.no. Skriv «Angrerett + namn på kurset» du har fått opptak til i emnefeltet på e-posten.

Etter angrefristen gjekk ut

Etter angrefristen gjekk ut gjeld følgjande reglar for avmelding:

Ved avmelding etter at angrefristen gjekk ut og fram til tre veker før første samling, må du betale 50% av kurs-/studieavgifta. Etter dette må du betale kurs-/studieavgift for heile kurset/studiet.

Deltakarar som har betalt heile kurs-/studieavgifta, kan be om utsetjing til neste gong studiet/kurset eventuelt køyrast - ver i så fall merksam på at høgskulen ikkje er forplikta til å tilby kurset/studiet fordi nokon har fått innvilga utsetjing og at ikkje alle kurs blir køyrde fleire gongar. Det er berre mogleg å be om utsetjing ein gong. Dersom kurset/studiet heller ikkje då fullførast, sjåast kursavgifta på som tapt.

 

Angrerettskjema

Angrerettskjema - bokmål

Angrerettskjema - nynorsk

Sist endra 3. feb. 2023 14:25