Dokumentasjon

Alle opptakskrav må dokumenterast med verifiserbar dokumentasjon. Her kan du lesa om kva som er gyldig dokumentasjon.

Dokumentere generell studiekompetanse

For å dokumentera generell studiekompetanse må vitnemål eller kompetansebevis frå vidaregåande skule lastast opp i søknaden din. Mange har elektronisk vitnemål frå vidaregåande skule. Dette gjeld som regel komplette vitnemål etter 2004. Enkeltfag må dokumenterast med kompetansebevis.

Bilde frå vigo eller privatisweb er ikkje gyldig dokumentasjon.

Samordna opptak har utfyllande informasjon om korleis ein dokumenterer generell studiekompetanse.

Samordna opptak

Dokumentere høgare utdanning

Høgere utdanning blir dokumentert med vitnemål eller karakterutskrift frå universitet eller høgskule. Alle statlege høgskular og universitet og nokre private utvekslar resultat elektronisk, men dei kan vera mangelfulle. Søkarar med utdanning frå BI bør vera oppmerksame på at dei må lasta opp dokumentasjon på utdanning derfrå

Det kan vera behov for å lasta opp kopi av vitnemål for å dokumentera fullført grad om vi etterspør det.

Dokumentere praksis

Studiar som krev praksis som ein del av opptakskravet må dokumenterast med attest frå arbeidsgivar.

Attesten må visa stillingsprosent eller timetal og han må visa frå og tildato for tilsetting. Attest må vera datert.

Utan desse krava kan ikkje attesten brukast i opptaket.

Dokumentasjonskontroll

Høgskulen kan be søkarar om å visa fram originaldokumentasjon i samanheng med opptaket til studiar. Om dokumentasjonen ikkje blir framlagd innan fristen kan det medføra at opptaket blir underkjent og ein mistar studieretten.
Forfalska dokumentasjon blir politianmeld og ein kan bli utestengt frå høgare utdanning.

Sist endra 20. sep. 2022 09:32