Reservasjon av studieplass

Du kan få reservert studieplassen din opptil 2 år frem i tid på grunn av innkalling til militærteneste, fødsel, adopsjon eller andre tungtvegande grunnar.

Korleis reservere studieplassen

For å reservere studieplassen du har fått, må du sende ein søknad til Høgskolen i Innlandet.

I søknaden må du legge ved dokumentasjon på kvifor du ønskjer å reservere plassen. Dette er til dømes tenesteinnkalling eller legeattest. Du må også legge ved søkjarnummer.

Skal du reservere studieplassen din, må du

  • takke ja til studietilbodet innan svarfristen

  • sende søknaden innan 3 veker etter at du fekk tilbodet

Skjema du må fylla ut for å søkja reservert studieplass finn du her:

Bokmål

Nynorsk

English

Der kan du lasta opp sensitiv informasjon.

Du kan ikkje søkje om å reservere studieplassen viss du har fått opptak på vilkår (betinga opptak).

(Har du ikkje norsk personnummer må du kontakta opptakskontoret for å få søkt)

Svar

Svar på søknaden kjem pr post til digital postkasse eller pr brev om du ikkje har digital postkasse.
Vi anbefaler at du opprettar ei digital postkasse.

Fekk du reservert studieplass i fjor?

Fekk du reservert studieplassen din i fjor, er du garantert å få denne studieplassen i år dersom du

  • søkjer på samme studium innan søknadsfristen

  • svarar innan fristen

  • lastar opp brevet med vedtak om reservasjon du fekk av oss

Viss det blir stilt andre krav i brevet du fekk frå lærestaden då du fekk reservert studieplass, må du også dekke desse.

Kan eg søkje andre studium?

Du kan søkje andre studium sjølv året etter om du har fått reservert ein studieplass.

Søkjer du på andre studium neste år, må du prioritere desse høgare enn studiet du har reservert. Då må du óg laste opp dokumentasjonen din på nytt.

Dersom du får tilbod på eit av dei nye studieønska, mistar du den reserverte studieplassen

Sist endra 5. juli 2024 14:38