Høgtideleg årsfest

– Årsfesten er ei feiring av aktiviteten vi har skapt ved HINN gjennom heile året. - Vi ønskjer å feira oss alle, men også å løfta fram enkeltpersonar og fagmiljø som har utmerkt seg, seier rektor Peer Jacob Svenkerud.

Peer Jacob Svenkerud ønsker velkommen til HINNs årsfest 2023

HINN fekk fire nye meritterte undervisarar under årsfesten. Her saman med rektor Peer Jacob Svenkerud ser vi frå venstre: førstelektor Knut Øystein Høvik, professor Anne Lindblom, førsteamanuensis Elisabeth Ersvær og førsteamanuensis Thorstein Sigurjonsson. 

Foto: HINN
REKTOR OG STYRELEIAR UNDER ÅRSFESTEN
Rektor Peer Jacob Svenkerud og styreleiar Maren Kyllingstad holdt begge taler under årsfesten. 

Han fortset: Men ikkje berre det, samstundes er årsfesten ein viktig møteplass for tilsette på kryss og tvers av studiestader, fag og funksjonar.  Det er viktig for oss å løfta blikket og feira i fellesskap, seier Svenkerud vidare.  Høgskulen i Innlandet er framleis ein ung institusjon og vi er langtfrå ferdig med å skapa felles kultur og med å etablera felles møteplassar. Både det seremonielle ved årsfesten og festen etterpå er viktige bidrag til å skapa fellesskap, avslutter rektor Svenkerud.

I eit felleskap er det ritual og markeringar som er årvisse, så og ved HINN. I første del av årsfesten vart det delt ut fire prisar og  disputasar og opprykk vart markerte. 

HINN har fire prisar som blir delte ut årleg. Dette er utdanningskvalitetsprisen, forskingsprisen, samarbeidsprisen og arbeidsmiljøprisen. Etter at nominasjonsfristen gjekk ut hadde det komme inn ei rekkje nominasjonar. Før resultatet blei kjent på årsfesten hadde fire juryar vore i sving for utpeike vinnare. Sjå oversyn over nominasjonane til alle prisane

Men før vi kjem attende til prisane, ikkje mindre viktig er fokuset på kvalitet i undervisninga.

Meritterte undervisarar

Dette er ein ordning oppretta av Kunnskapsdepartementet (KD) og etablert ved HINN i 2019. Intensjonen til KD er å styrkja arbeidet med studiekvalitet gjennom å gi insentiv til engasjerte og dyktige lærarar i høgare utdanning. Det var ein glad rektor som kunne fortelja forsamlingen at fire tilsette er blitt tilkjent denne tittelen i år, førstelektor Knut Øystein Høvik, professor Anne Lindblom, førsteamanuensis Elisabeth Ersvær og førsteamanuensis Thorstein Sigurjonsson. 

Utdanningskvalitetsprisen

Line Kristiansen og Stein Amundsen
Line Kristiansen og Stein Amundsen under utdelinga av Utdanningskvalitetsprisen 2023  (Foto: Gro Vasbotten/HINN)

Prisen er på 100 000 kroner som skal brukast til å vidareutvikla tiltaket i løpet av det kommande året. Vinnaren i år er prosjektet "Utviklerteamet i kompetanseleiing – eit prosessverktøy for leiarar og medarbeidarar i NAV".

I juryen si grunngjeving for tildelinga heiter det: "Tiltaket er kunnskapsbasert både ved at det faglege innhaldet er forskingsbasert, prinsipp for pedagogikk og læring er basert på gode pedagogiske prinsipp og mykje erfaringsbasert kunnskap. Tiltaket vil ha stor overføringsverdi og vil bli brukt som mal for andre oppdrag og utvikling av andre kurs for arbeidslivet." Førsteamanuensis Stein Amundsen og prosjektleiar Line Kristiansen tok i mot prisen på vegner av Senter for livslang læring (SELL) som har utvikla og organiserer tilbodet. 

Forskingsprisen

Elisabeth Kommisrud ved mikroskop
Elisabeth Kommisrud i sitt rette element. (Foto: Elen Sonja Klouman/HINN)

Forskingsprisen skal setja fokus på, og stimulera til, framifrå forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid (KU) ved Høgskolen i Innlandet. Forskingsprisen er på 25 000 kroner som vert øyremerkt prisvinnaren og overført til instituttet. Årets prisvinnar er professor Elisabeth Kommisrud som underviser og forsker innen fagområdet reproduksjonsbioteknologi ved Institutt for bioteknologi.

I grunngjevinga for tildelinga seier juryen mellom anna: 

Kommisrud har vore tilsett ved HiHM/HINN siden 2013 og er ein markante skikkelse internt så vel som eksternt. Mellom anna har ho dei siste tre åra vore bidragsytar på 17 publiserte peer-review-artiklar. Ho er og særleg oppteken av å løfte fram yngre forskarar og gje desse ein plass i arbeidet, eit arbeid som alltid har fokus på høg kvalitet.

Les meir om om Elisabeth Kommisrud si forsking i artikkelen "Forsker på fruktbarhet" og i presentasjonen av forskargruppa Celle- og reproduksjonsbioteknologi som ho leiar. 

Samarbeidsprisen

Samarbeidsprisen er på 25.000 kroner. Prisen blir delt ut årleg til ein person eller eit fagmiljø/gruppe som på ein eksemplarisk måte har initiert og gjennomført samarbeidet med offentlege eller private aktørar, organisasjonar eller institusjonar frå arbeids- og næringsliv eller frivillige organisasjonar.

Årets pris går til Senter for praksisrettet utdanningsforskning (SEPU) og Senter for livslang læring (SELL) ved Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk sitt langvarige arbeid med skulebasert kompetanseutvikling for norske kommunar - i eit nært og tillitsfullt samarbeid, som også strekkjer seg internasjonalt, og er i vidare vekst. 

Arbeidsmiljøprisen

Arbeidsmiljøprisen skal vera ei påskjøning for særleg innsats på arbeidsmiljøområdet og bidra til å setja fokus på utvikling og bevaring av arbeidsmiljø ved Høgskolen i Innlandet. Den blir delt ut årleg til ei gruppering, eit miljø eller ei eining i HINN som har gjort ein spesiell innsats for utvikling eller bevaring av arbeidsmiljø. 

Arbeidsmiljøprisen 2023 blir tildelte reinhaldsgruppa på Hamar v/reinhaldsleiar Noona Mikkelsen. I grunngjevinga for tildelinga heiter det mellom anna: Arbeidsmiljøprisen for 2023 blir tildelt til eit miljø som har sett stort fokus på sitt nære arbeidsmiljø. Arbeidet har slik det blir beskrive i nominasjonen, gitt betre sjølvtillit hos medarbeidarane, større fagleg stoltheit, betre samarbeid, betre grunnlag for utvikling og lågare sjukefråvær i miljøet. Prisen er eit diplom og eit kunstverk.

Reinhaldseininga på studiestad Hamar
Reinhaldsgruppa på studiestad Hamar v/reinhaldsleiar Noona Mikkelsen som står til venstre fekk Arbeidsmiljøprisen. Prisen som delt ut av hovudverneombod Turid Thomassen og prorektor utdanning Stine Grønvold. 

Disputaser

I løpet av 2023 kjem vi til å halda 19 disputasar fordelte på dei seks doktorgradsprogramma våre. Ein disputas representerer avslutninga av tre eller fire års intensivt forskingsarbeid som kvalifiserer til ei rekkje stillingar og posisjonar i samfunnet, ikkje berre til stillingar i akademia. – Doktorgradsprogramma våre er viktige. Å uteksaminera doktorandar er å bidra til kunnskapsfornying og utvikling av kompetanse på høgste nivå på svært ulike fagfelt, vi synest det er like moro kvar gong vi arrangerer ein disputas, seier rektor Svenkerud. 

Sjå oversikt over disputasar ved HINN i 2023

Opprykk

Alle universitet og høgskular blir målt på kor mange av dei tilsette som har førstestillingar og for ein institusjon med ambisjonar om å bli universitet er opprykk til nye akademiske stillingar viktig og absolutt på sine plass å markere. 

Oversynet for i år viser at HINN har fått 14 nye førstemanuensar og sju nye førstelektorar gjennom opprykk. Dette er stillingar som krev det som vert  kalla førstekompetanse. Stillingane er jamstilte der førsteamanuensene får sin kompetanse gjennom å avlegge doktorgrad, medan lektorane får sin gjennom hovedfokus på undervisning og pedagogisk utviklingsarbeid. 

Ansatte som har fått opprykk på scenen under årsfesten.
Nokre av dei som har fått opprykk i løpet av 2023 på scenen i auditorium A på Lillehammer under årsfesten 2023. (Foto: HINN)

Nye førstelektorar

  • Gry Anita Lunde, HSV
  • Grindaker Eirik, HSV
  • Anne Marie Røisehagen, LUP
  • Knut Øystein Høvik, LUP
  • Marita Andreassen, HHS
  • Julianne Habberstad, HHS
  • Trine Løvold Syversen, HHS

Nye førstemanuensar

  • Christian Juliebø, AMEK
  • Steven Patrick Connolley, HSV
  • Knut Sindre Mølmen, HSV
  • Sigbjørn Litleskare, HSV
  • Bjørg Midtskogen, HSV
  • Gry Sagmo Aglen, LUP
  • Mette Marit Forsmo Jenssen, LUP
  • Pauline Book, LUP
  • Ana Lucia Lennert Da Silva, LUP
  • Oda Julie Hembre, LUP
  • Matilde Mengkrog Holen, LUP
  • Agnes Westgaard Bjelkerud, LUP
  • Hilde Forfang, LUP
  • Mona Strand, HHS

Vi kan også feire opprykk for en dosent og 13 professorer. 

Nye professorar og dosenter

  • Alina Lynn Evans, ALB
  • Petra Sabine Kaczensky, ALB
  • Rafi Ahmad, ALB
  • Karin Julsrud, DNF
  • Hans Christian Høyer, HHS
  • Morten Walløe Tvedt, HHS
  • Lars Fredrik Moe Øksendal, HHS
  • Åshild Lappegard Hauge, HHS
  • Broch Trygve Beyer, HSV
  • Ingeborg Flagstad, dosent, HSV
  • Birgit Nordtug, LUP
  • Dag Hundstad, LUP
  • Helge Årsheim, LUP
  • Njål Ølnes, LUP

Kontaktinformasjon

Bilde av Peer Jacob Svenkerud
Rektor
E-post
peer.svenkerud@inn.no
Telefon
+47 62 43 04 06

Nyttige lenker

Av Gro Vasbotten
Publisert 23. nov. 2023 19:10 - Sist endra 30. nov. 2023 09:09